NRK Meny
Normal

Matar småfuglane med kjøtrestar og druer

Trudde du solsikkefrø og meisebollar var det einaste rette å tilby småfuglane no om våren? Fugleekspert Alv-Ottar Folkestad legg ut både kjøtbein og frukt.

Alv Ottar Folkestad
Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er reine festmåltida på fuglebretta til ornitolog Alv-Ottar Folkestad i Ulstein på Sunnmøre. Der fugleelskarar flest strekkjer seg til frø og talgbollar, har Folkestad sine småfuglar heilt andre matvanar.

– Eg prøvar å variere med solsikkefrø, havre, litt frukt og litt bær. Eg legg ut druer, og har vi kjøtmiddagar, legg eg ut kjøtbein med slintrerestar på, seier han.

– Likar dei verkeleg kjøtbein?

– Ja, dei gjer faktisk det. Både svarttrosten og staren no på våren kan vere flittige på det, i tillegg til meisene. Og er der igjen feitt er det heilt topp for meisene, seier Folkestad.

Les også:

Deler opp frukta

Frukta som kjem på fuglebrettet kan variere, Folkestad nemner både pære, eple, plommer og druer. Epla deler han gjerne opp.

– Ja, det kan vere ein fordel å kløyve epla, så dei kjem inn i kjøtet med ein gong, seier han.

Men påskeappelsinar er ikkje noko å leggje ut, meiner ornitologen.

– Nei, der går grensa, dei er antakeleg for sure, ler Folkestad.

Solsikke er basis

Men også på fuglebrettet til fugleeksperten er det frø. Solsikkefrøa er å rekne som basis.

– Solsikke er veldig allsidig, ho går til både smått og stort: meisene et det, til og med svarttrosten, nøtteskriker og hakkespettar, seier han.

– I tillegg er det ein fordel å ha mindre frø, blande inn havre, hirse og små fuglefrø til burfugl, det passar veldig godt til dei minste.

Meiner fuglane gir stor glede

Alv Ottar Folkestad trur ikkje småfuglane er avhengige av å få mat på fuglebretta, i alle fall ikkje på sommarstid. Sjølv gjer han det mest for gleda ved å sjå dei små nøsta.

– Det er mykje viktigare at folk har glede av å få fugl inn på seg. Vi har så lett for å tru at dei blir hjelpelause med ein gong det ikkje er mat på brettet, men husk at dei har heile resten av naturen å ta av, seier han.

Les også:

Sjølv legg han ut mat heile året, også sommaren.

– Du lærer utruleg mykje av å ha mat liggande på fuglebrettet, seier han.