Hopp til innhold

Om under eitt døgn kan denne studenten vere høgskulerektor

Masterstudent Morten Svindland ved Høgskolen i Molde er éin av to søkjarar til rektorjobben for dei to neste åra. – Eg er veldig realistisk, men eg trur det kan bli meir spennande enn først trudd, seier 28-åringen.

Masterstudent Morten Svindland ved Høgskolen i Molde er éin av to søkjarar til rektorjobben for dei to neste åra.

Morten Svindland (t.h.) i prat med motkandidat og professor ved Høgskolen i Molde, Hallgeir Gammelsæter.

I dag, måndag, måtte stemmene leverast. Gjennom heile dagen blei stemmesetlar jamt levert.

Og både studentar og tilsette ved Høgskolen i Molde kjente si besøkelsestid. For kandidaturet til 28 år gamle Morten Svindland har verkeleg skapt blest om rektorvalet.

Ei god stund var Hallgeir Gammelsæter, professor i Samfunnsendring, organisasjon og ledelse ved høgskulen, lenge den einaste kandidaten.

Gjennomtenkt avgjersle

Men så kom Svindland på bana, og valkampen starta. Enormt med studentar har vist si interesse, og den unge rektorkandidaten er 100 prosent klar på at han vil ha jobben.

– Eg gjer dette etter å ha teke ei veldig gjennomtenkt avgjersle. Eg har vore med i høgskulestyret i to år og vore tett inne på leiinga, så eg veit korleis det må jobbast internt i eit miljø som dette, meiner 28-åringen.

Han har gått aktivt ut mot studentane og har slagordet «Kva kan eg gjere for at din studiekvardag blir annleis og betre».

– Eg meldte meg som kandidat fordi eg verkeleg ønskjer å få løfta høgskulen. Eg vil få den meir synleggjort, for eg trur fleirtalet av dei som søkjer høgare utdanning ikkje har høyrt om Høgskolen i Molde.

– Vi må jobbe meir proaktivt for å sikre ein robust skule for framtida, seier Svindland til NRK.

  • Korleis trur du ein nyutdanna masterstudent ville fungert som rektor for ein høgskule? Sei meininga di i kommentarfeltet nedst.

Saka held fram under bildet.

Gammelsæter, Vatne og Svindland

Noverande rektor ved Høgskolen i Molde, Solfrid Vatne, med rektorkandidatane på kvar si side. Gammelsæter til venstre og Svindland til høgre.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Skryt og skepsis

Motkandidaten, professor Hallgeir Gammelsæter, gjev skryt til den unge motkandidaten.

– Han Morten skal ha verkeleg ha ros for at vi har fått eit val. Det blir valkamp og langt meir liv rundt valet.

– Kva tenkjer du om at studentane har moglegheita til å stille som kandidatar til eit rektorval?

– Det er ikkje eit spørsmål eg har tenkt mykje på, for å vere ærleg. Men det ligg sjølvsagt ei prinsipiell sak i det, som ein må tenkje gjennom.

– Skulle det skje at vi får ein student som rektor, som skal fungere opp mot andre universitet med professorar som rektor, så kan ein stille seg spørsmålet om kor vi då stiller i rektorkollegiet nasjonalt. I tillegg går det på interne spørsmål, om korleis det skal fungere opp mot fagpersonell, seier Gammelsæter.

Kritisk til ordninga

Noverande rektor ved Høgskolen i Molde, Solfrid Vatne, fortel at studentkandidaten kom som ei overrasking.

– Det er noko vi har trudd ikkje kunne skje, fordi vi har meint at studentar ikkje ville vere kompetente i forhold til professorar. Men no ser vi at studentar både her og i Oslo stiller og driv ein sterkare valkamp enn tilsette.

– Er du kritisk til ordninga, der studentar kan stille til rektorval?

– I utgangspunktet så er eg det. Eg vil seie at det vil bli store problem med samarbeid opp mot andre institusjonar.

– Men ein veit aldri. Ein student kan gå inn med større entusiasme og få opp nye ting som kan vere viktig for høgskulen. Men i utgangspunktet er eg nok skeptisk, seier Vatne.

Oddsen for studentsiger er derimot ikkje svært stor.

Saka held fram under bildet.

Bente Malones

Bente Malones er leiar i valstyret og har teke imot stemmer til rektorvalet heile måndag. Oppteljinga og kunngjeringa skjer tysdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Treng tilsette sine stemmer

Stemmene til rektorvalet har nemleg forskjellig valør, opplyser Bente Malones, leiar i valstyret.

– Det er slik at studentstemmene tel under halvparten av dei tilsette sine stemmer, opplyser Malones.

Så sjølv om studentkandidaten får flust av studentstemmer, treng han fagleg tilsette på si side òg.

Håpande realistisk

– Eg er veldig realistisk til moglegheitene mine. Valsystemet fungerer på slik at ein må plukke ganske mange stemmer innanfor kvar gruppe, altså fagtilsette, administrativt tilsette og studentar, fortel Svindland.

Likevel, han har eit håp.

– Valdebatten 12. april trur eg kan ha gjort valet meir spennande enn først tenkt. Eg trur eg fekk vist at eg kjenne høgskulen og veit kva utfordringane er. Og tilbakemeldingane, frå både studentar og tilsette, har vore positive.

Kritikken om at studentar og han sjølv ikkje er kvalifisert for jobben, tek han med knusande ro.

– Eg hadde aldri stilt om eg ikkje trudde eg var kompetent. Eg trur eg kan vere eit friskt pust og bidra til å ta skulen i ei positiv retning, avsluttar 28-åringen, som avsluttar masterstudiet i logistikk til sommaren.

Dei siste stemmene blei levert klokka 15.00 måndag, og valresultatet blir offentleggjort i løpet av tysdag.

Korleis trur du ein nyutdanna masterstudent ville fungert som rektor for ein høgskule? Sei meininga di i kommentarfeltet under.