Atlanten stadion i Kristiansund har forfalt gjennom mange år og løpebanen ser meir ut som ein berg og dalbane enn ei løpebane. Friidrettsforbundet har lagt ned forbod mot å arrangere stevner i Kristiansund, slik banen ser ut.
Grunnundersøkingar
Ein halv million kroner er sett av til grunnundersøkingar på Atlanten og dei vil starte no i april/mai. Resultatet av desse grunnundersøkingane vil avgjere kva som skal skje med Atlanten stadion og om det er mogleg å ruste han opp til framtidig friidrettsarena i nordmørsbyen.
Tunnelstein under Atlanten?
Eldsjel i friidretten i Kristiansund, Stein Ohr, foreslår at kommunen brukar masse frå Atlanterhavstunnelen til å ruste opp Atlanten stadion. Han seier all gamal myr, stein og jord under gamle stadion kan fjernast.
Når så arbeidet med den nye Atlanterhavstunnelen kjem i gang, så kan ein bruke masse frå tunnelen til å bygge opp fundament for ein ny stadion, med parkering i underetasjen og grasmatte og løpebane på toppen.
Opp frå bølgjedalen
Friidretten har vore nede i ein bølgjedal i mange år også på Nordmøre, men dette har no snudd og Stein Ohr utrykker optimisme og at ein nyopprusta Atlanten stadion kan bidra til å få friidretten opp av bølgjedalen.