Hopp til innhold

Det hastar å gjere grep mot bråkete måsar

Ein høglydt måsefamilie utanfor soveromsvindauget er kanskje ikkje noko du drøymer om. Men når reiret er på plass, er det for seint å gjere noko.

Måse på Innlandet i Kristiansund

Måsekoloni i Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Sentrum av byane er ein ynda hekkeplass for måsane, fordi det er færre rovdyr. Men dei kan lage mykje leven, gå laus på søppel, eller kanskje tar dei pølsa du held på med å ete.

Men både gråmåse, fiskemåse, hettemåse og krykkje er truga artar, og det er ikkje lov til å forstyrre hekkinga, som varer frå mai til midten av juli.

– Større utbygging av industri med flate tak, kombinert med nedbygging av bynær våtmark og mindre tilgjengeleg mat langs kysten har gjort at mange av fuglane har flytta inn til byen. Vi menneske må nok lære oss å leve med naturen tett på i byene også, seier miljødirektør Ellen Hambro, på heimesida deira.

Måsane bygger ofte reir på same plassen over fleire år, dermed kan ein gjere førebyggande tiltak for å få ein familie der ein helst ikkje vil ha dei.

Men det hastar å ta grep. Når måsane først har begynt å lage reir, er det forbode å jage dei eller fjerne reira.

Frustrert over søppelrot

På rådhusplassen i Kristiansund jobbar Jose Ramirez med å selje meksikansk mat frå ei matvogn. Han blir frustrert over korleis måsane herjar med avfallet.

– Oh man. Dei kravlar inn i søpla og hentar dei tomme pakningane med mat, før dei stikk. Dei etterlatar seg eit stort rot over heile plassen, seier Ramirez.

Jose Ramirez, daglig leder av Azteko Tacos i Kristiansund.

Jose Ramirez driv Azteko Tacos i Kristiansund. Han har stort sett ikkje noko imot måsane, men søppelrot er plagsamt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han er der kvar morgon og plukkar opp søppel frå heile området, for så å sjå det bli rive ut igjen.

– Nokre gonger kjem folk og blir sinte på meg. Dei trur det er mitt ansvar å plukke det opp, men kva kan eg gjere? Alt er greitt fram til fuglane kjem, seier han.

Kraftig tilbakegang

Forskar Signe Christiansen-Dalsgaard i Norsk institutt for naturforsking ser ein kraftig tilbakegang for fleire av artane. Krykjane har gått ned med 80 prosent dei siste 20-30 åra.

– Når vi har sjøfuglar som slit såpass, bør det vere ein ganske sterk varsellampe om at ting ikkje er som det skal vere i det marine miljøet, seier Christiansen-Daalsgaard.

Skansekaia, Ålesund

Måsar på sightseeing i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ho meiner det er for stort fokus på misnøya med måsane. I staden for å skremme dei bort og snakke dei ned, bør vi heller sjå verdien i dei og legge til rette for dei i bymiljøet. For ho forstår at det ikkje er kjekt å ha ein krykkjekoloni utanfor soverommet sitt.

– Nokre plassar lagar dei krykkjehotell, som i Rørvik og Tromsø. Det er betre enn å jage dei bort frå alle stader, seier Christiansen-Dalsgaard.

Tar grep etter plager Bygger eige «måsehotell»

Måkehotell