For to år sidan fekk Martine Olsen (30) i Volda diagnosen ADHD. Dagleg bruker ho medisinen Aduvanz 30 mg, men denne har det ikkje vore mogleg å få tak i dei siste fire vekene.
– Slik har det vore fleire gonger før. Eg har derfor ordna det slik at eg alltid har eit lite lager i bakhand, fortel Olsen.
Annleis kvardag utan medisin
Til dagleg bur ho i Volda og arbeider ved ein akuttinstitusjon for ungdom.
– Medisinen gjer at eg fungerer betre, forklarar Olsen.
Å planlegge kvardagen blir lettare når ho har medisin.
– Utan medisinen prokrastinerer eg meir. Då har eg vanskeleg for å ha oversikt, og for å gjort unna ting som handling på butikken og anna, fortel ho.
Lang ventetid for medisinar
Det har i sommar vore lang ventetid for fleire ADHD-medisinar. Aduvanz 30 mg er venta tilgjengeleg frå torsdag 6. juli. For Aduvanz med dosering 50 mg, er første forventa leveranse 24. juli.
– Medisinmangel går ut over ei gruppe som i utgangspunktet ikkje har så lett for å planlegge, seier Gry Lunde, generalsekretær i ADHD-foreininga.
Foto: ADHD-foreningen– Det går ut over ei gruppe som i utgangspunktet ikkje har så lett for å planlegge, seier Gry Lunde, generalsekretær i ADHD-foreininga.
Ho legg til at mange er vare på eksakte doseringar, og helst vil unngå å skifte til andre preparat.
– Alltid manko på noko medisin
– Det er alltid manko på ein eller anna form for medisin, fortel Kristoffer Nygård ved Vitusapotek i Ålesund.



– Kva medisin det er mangel på, går i bølgedalar, seier han.
I periodar har det mellom anna vore mangel på fedmemedisin.
Mangel gjeld fleire legemiddel
Ingrid Aas ved Statens legemiddelverk, fortel at legemiddelmangel ikkje er noko særnorsk fenomen, men eit internasjonalt problem.
Ingrid Aas, overlege ved Statens legemiddelverk.
Foto: Caroline Roka / Statens Legemiddelverk– Legemiddelproduksjonen er global og forsyningskjeda kompleks. Mangel kan skuldast problem med produksjonen, råstoffmangel, større sal enn venta eller strukturendringa i det globale marknaden, forklarar ho.
Nokre kan bruke andre legemiddel, men ikkje alle
For Aduvanz finst alternativ medisin frå andre produsentar.
Martine Olsen sin lege har gjeve henne resept på Elvanse, som har same verkestoff som Aduvanz. Men det er ikkje like enkelt for alle.
– Ei venninne av meg gjekk tom for Aduvanz for fire veker sidan. Legen hennar seier ho må tilbake til psykiater for å få resept på Elvanse. Då må ho vente i fleire månadar for å få time først. For henne blir ventetida på ny forsyning ekstra lang, seier Olsen.