Hopp til innhold

Då Martine sjekka nettbanken var ho millionær

På sparekontoen til sjukepleiarstudenten var det plutseleg 2,2 millionar kroner. – Eg fekk litt sjokk, seier 23-åringen.

Martine Bondhus hadde plutseleg to millionar kroner på konto

Student Martine Bondhus var plutseleg rik då ho sjekka nettbanken.

Foto: privat

Martine Bondhus frå Rovde på Sunnmøre studerer i Oslo og må tenke nøye gjennom kvar krone ho brukar. Ho er avhengig av jobb ved sida av studia for å få det til å gå rundt.

Ein dag fekk ho telefon frå lokalbanken sin med spørsmål om ho nyleg hadde vunne i lotto eller seld bustad.

– Eg logga inn i nettbanken samstundes som eg prata med dei. Då såg eg at det stod 2,2 millionar kroner, fortel 23-åringen.

Rakk å drøyme

Ho fekk sjokk, og i ein liten augeblunk rakk ho å drøyme om kva ho skulle bruke pengane på.

– Eg rakk å tenke «åh», om det berre var så enkelt. Det hadde løyst mykje for framtida, seier studenten som kunne tenkt seg å kjøpe eiga leilegheit.

Men Bondhus hadde jo verken vunne pengar eller selt eigedom, så ho forstod at det måtte vere ein feil. Og det kunne Sparebanken Møre stadfeste. Forklaringa var at ein annan bank hadde tasta eit feil siffer i ei kontooverføring, og dermed hamna pengane hos henne.

– Svært uvanleg

Elisabeth Blomvik

Elisabeth Blomvik i Sparebanken Møre seier at det er svært uvanleg at så store feiloverføringar skjer. Ho understrekar at det ikkje var Sparebanken Møre som gjorde feilen.

Foto: Tone Skotheim Gjerdsbakk / Sparebanken Møre

Sparebanken Møre kan ikkje uttale seg om enkeltkundar, men seier at det som skjedde med Bondhus er høgst uvanleg.

– Heldigvis er det sjeldan at det skjer slike store feiloverføringar som dette her, seier Elisabeth Blomvik, leiar for divisjon personmarknad.

Blomvik forklarar at det er lett å taste eit siffer feil i nettbanken, men som regel får ein beskjed om at kontonummeret er ugyldig. Dersom feiltastinga går til eit kontonummer som eksisterer, er det viktig å ta kontakt med banken så raskt som mogleg, seier Blomvik.

Også DNB seier at det sjeldan skjer feil i overføringar, men at det kan skje.

– Då skuldast det oftast at kunden tastar feil. Men nokre gongar kan det skje menneskelege feil frå banken si side, eller tekniske feil. I slike tilfelle har vi gode system som gjer at vi raskt kan rette opp feilen, seier Kari Vartdal Riise, kommunikasjonsrådgivar i DNB.

– Ikkje bruk pengane

Å få 2 millionar kroner på kontoen på denne måten er inga velsigning. Snarare tvert imot, seier Mads Andnæs, professor ved juridisk fakultet på Universitetet i Oslo.

– I vårt system er det ingen moglegheiter for å få desse pengane. Og dersom du brukar av dei er du pliktig til å betale tilbake, seier Andenæs. Hans råd er å kontakte banken snarast råd.

Pengane forsvann

Berre to-tre timar etter at banken hadde ringt til Martine, så var ho like blakk som ho brukar å vere.

Ho trur ho aldri kjem til å oppleve å ha 2 millionar kroner på konto igjen.

– Då er det nok med eit minus framføre millionane i samband med bustadlån, ler 23-åringen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL