Hopp til innhold

Martin Linnes klar for Galatasaray

Moldes forsvarsspelar Martin Linnes (24) signerte onsdag ein avtale med tyrkiske Galatasaray.

Martin Linnes

Moldespelar Martin Linnes (24) er klar for den tyrkiske storklubben Galatasaray.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Molde skriv i ei pressemelding at klubbane har blitt einige om ein overgang med den tyrkiske storklubben.

I pressemeldinga takkar Molde FK Linnes for tida i klubben og ønskjer han lykke til vidare.

– Vi ønsker Martin all hell og lykke i Galatasaray. Han har vore her i fire år og har gitt alt av seg sjølv. Han var ein veldig stor tilvekst til klubben vår, og har fortent ein sjanse i ein så stor klubb, seier manager i Molde FK, Ole Gunnar Solskjær.

– Eit steg vidare

Martin Linnes kom til Molde FK frå Kongsvinger i 2012. Han har spelt 150 obligatoriske kampar for Molde FK, og blei seriemeister med klubben i 2012 og 2014, samt Noregsmeister i 2013 og 2014.

Høgrebacken har i tillegg 12 kampar for Norges A-landslag, og i 2014 fekk han Gullballen for årets forsvarsspelar.

Linnes hadde i utgangspunktet kontrakt med Molde FK ut 2017, men har aldri lagt skjul på at han har ambisjonar om å kome seg ut i Europa. No ventar det tyrkiske laget Galatasaray SK, eit lag som mellom anna har vunne den tyrkiske ligaen 20 gonger.

– Eg ser på Galatasaray som ein fantastisk klubb og eit steg vidare ut i Europa. Det er eit mål eg har hatt, og noko eg har ønskja lenge. Så no når sjansen kom, var den rett og slett for god til å seie nei til, seier Linnes.