Laurdag 31. august blir det stor ståhei i turistbygda Geiranger. Det er kjent at bryllaupsfesten til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal vere på Hotell Union Geiranger.
I dokument frå politiet til NRK kjem det fram at vigselen skal skje på Vinjevollen. Dette er eit naturskjønt område på ein gard like ved hotellet.
TV 2 og NRK har fått løyve til å filme med drone, men det er visse unntak.
I vedtaket frå Møre og Romdal politidistrikt kjem det fram at det ikkje er lov å filme når hurtigbåten med gjestane kjem fredag, under vigselen på Vinjevollen laurdag og under transport av personell i samband med sikringstiltak.
Festen startar i Ålesund
Det er sokneprest Margit Lovise Holte som skal vie paret. Ho er ei venninne av prinsessa.
Bryllaupsfesten startar i Ålesund torsdag. På fredag skal gjestane dra med båt til Geiranger.
Den dagen ligg det eit stort cruiseskip, «Norwegian Prima», i bygda.
Skipet har rundt 2000 passasjerar om bord som kjem til å myldre i Geiranger og dra på utflukter samstundes som bryllaupsgjestane kjem.
Ukjent kven som kjem
Det er ikkje kjent kven som er gjestar i bryllaupet, men det er venta at det kjem både kongelege og kjendisar frå inn- og utland.
Møre og Romsdal politidistrikt har budd seg på bryllaupet i lang tid og har bedt om ekstra løyvingar frå Politidirektoratet.
Politiet skal sikre og beskytte arrangementet dersom gjestar har krav på vern.
– Det er så viktig for meg, alle menneska som er til stades og kva dei bringar inn i bryllaupet av energi og kjærleik, sa Märtha i ein podkast-episode av «HeartSmart Conversations» tidlegare i sommar.
Kongefamilien har vore på besøk i Geiranger mange gonger, både privat og offentleg. Kongeparet feira sølvbryllaupet sitt der i 1993.
Tidlegare i sommar var Märtha Louise og Durek Verrett på synfaring i Geiranger.