Storkaia i Kristiansund har vore delvis stengd for biltrafikk, fordi ho ikkje toler tyngda av større køyrety.
Ordførar Dagfinn Ripnes meiner difor at utvidinga av kaia er svært viktig. Ho er dessutan viktig for Kristiansund som hamneby, seier han.

Det skal skje store endringar på Storkaia i Kristiansund.
Arbeidet med å rive fiskehallen og "fisjan"-bua på kaia har alt starta. Ripnes vedgår at det er litt vemodig, men han trur at det nye skal bli bra.
Saman med kjøpesenteret og leilegheiter skal området byggast ut for 330 millionar kroner. Det Ripnes kallar ein ny bydel skal opnast i desember 2005.