Hopp til innhold

Markerer kvinnedagen

Over heile fylket blir kvinnedagen, 8. mars, markert i dag med store og små arrangement. Dette gjeld også for dei tre største byane i fylket. I både Ålesund (bildet) og Molde har dagen allereie vore markert med appellar og 8. mars-tog. I Kristiansund startar toget klokka 18.00 i kveld og det vil også bli ei markering på Kulturfabrikken i etterkant. Her vil folk kunne høyre innlegg frå Sindre Stabell Kulø, Liv Berit Bach og Torill Brunsvik. Årets hovudappell i Ålesund blei heldt av Fride Fiskergård frå Amnesty Ålesund. I Molde var det appellar av Kim Thoresen-Vestre (gruppeleiar i SV) og Mayada Alfayad (vinnar av likestillingsprisen 2019).

8.mars-markering i Ålesund 2020
Foto: Maria Kristina Vevang / NRK
Markering av kvinnedagen, 8. mars i Møre og Romsdal.