Hopp til innhold

Supertalentet har signert for Porsche

Supertalentet i motorsport, Marius Nakken, har signert ein storkontrakt med det tyske Porsche-laget Molitor-Racing Systems. Dermed skal 23-åringen frå Ålesund køyre i den kanskje tøffaste enkeltserien i motorsport – med eit team på 50 mann rundt seg.

Marius Nakken

Marius Nakken frå Ålesund har signert med Porsche-laget Molitor-Racing Systems. – Første gong på mange år at eg kjenner presset, seier 23-åringen til NRK.

Foto: Pressefoto / mjn-racing

Marius Nakken

Nakken skal bruke sesongen saman med dei største stjernene i motorsport. Her er 23-åringen på ein kort visitt i heimbyen Ålesund før han returnerer til banene i Europa.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dette er ei enorm satsing opp mot tidlegare. Eg går frå den største klassen i Skandinavia til éin av dei absolutt argaste meisterskapane i verda. Det blir utruleg kult å kjenne på nivået! seier Marius Nakken til NRK.

23-åringen frå Ålesund blir sett på som eitt av dei store håpa i norsk motorsport. Stortalentet har gjort det skarpt i NTCC-serien og i januar blei han invitert til Dubai for å køyre 24-timarsløp for nettopp Porsche.

– Eg hadde første test for Porsche i Dubai i januar. Vi var fire sjåførar totalt, for vi må bytte på i eit så langt løp. Der fekk eg køyrt mykje sjølv om vi måtte bryte etter 17 timar. No nyleg køyrde eg testløp i Tyskland på Hockenheimring, som er éi av dei mest kjende banene i motorsport, fortel Nakken.

Kontrakten med Porsche og MRS, som er blant dei største i norsk motorsport i nyare tid, blei signert for tre veker sidan, men blei offentleggjort først laurdag.

Marius Nakken

Både Marius Nakken og bilane er klar til innsats.

Foto: mjn-racing

– Lov å ha forventningar

Esben Garlie i managementet til ålesundaren fortel om ein langt over snittet hardtarbeidande mann. Han omtalar innsatsen i Dubai som «heilt rå», trass i nokre ganske humoristiske startvanskar.

– Marius fekk beskjed om å ta på seg hjelm og testkøyre, men etter tre minutt måtte han krype til korset og rope opp teamsjefen på callingen og spørje på god sunnmørsk engelsk: «Excuse med, can you tell me how to start the engine?», flirer Garlie.

Startvanskar i ein ny, proff bil, men etter berre to rundar var han best på laget med tre etablerte, proffe sjåførar.

– Etter 5–6 rundar var han best av alle 60 sjåførar og hadde dei beste rundetidene av alle. Det er lov å ha forventningar til han, slår Garlie fast.

Stjernene innanfor rekkevidd

Under testløpet på Hockenheimring herja Nakken med den etablerte tyske sjåføren Christian Engelhart. Allereie måndag reiser ålesundaren til Tyskland for nye testløp. Målet før sesongen i Porsche Cup Tyskland er klart.

Marius Johan Nakken

Nakken har køyrt sidan han var fire år gammal. – Eg starta på bana i Olsvika og køyrde mange tusen rundar allereie dei første sesongane, fortel den no 23 år gamle mannen.

Foto: Rune Hansen / NRK

– Eg vil kjempe i toppen uansett kva klasse eg er i. Eg veit det blir ei tøff oppgåve, for der er mange gode, rutinerte sjåførar, men eg kan bli topp tre i kvart løp. Eg går også for å vinne nybegynnarprisen, svarer 23-åringen kontant.

Bilen han skal køyre er ein Porsche 911 GT3 Cup-bil med ein toppfart på 280 kilometer i timen. Om få år håper han å ta endå eit steg oppover mot dei største stjernene i motorsporten.

– Veldig mange sjåførar har blitt plukka opp og blitt heilprofesjonelle etter å ha køyrt i denne klassen. Målet mitt er å leve av motorsporten og tene gode pengar på det innan kort tid. Leverer eg gode resultat over ein periode så er det innan rekkevidd.

Marius Nakken på trening i Dubai

Marius Nakken køyrde sitt første testløp for Porsche i Dubai i januar.

Foto: Johan Koning Hemmerling