Hopp til innhold

Marius (10) fylgjer dramaet

Kvar einaste dag har Marius Frantzvåg (10) fått pappa til å køyre han til kaia i Ålesund for å sjå Hurtigruta "Nordlys".

Marius Frantzvåg

Marius Frantzvåg har fylgt spent med på hurtigrutedramaet sidan torsdag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ved kaia i Ålesund yrer det av folk som vil sjå hurtigruteskipet "Nordlys". Ein av dei er 10 år gamle Marius Frantzvåg. Han har vore ein ivrig tilskodar kvar einaste dag, sidan skipet starta å brenne og la til kai i Ålesund.

Mykje folk ved hurtigruta

Laurdag var det mykje folk i området rundt Hurtigruta.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Pappa køyrer

– Eg har fått pappa til å køyre meg. Det er viktig å følgje med på det som skjer, seier Marius. Han bur i Spjelkavik, som ligg om lag ei mil utanfor Ålesund. Og når han ikkje har kunne vore fysisk til stades, har 4.-klassingen fylgt med på nett-tv.

– Eg var ikkje akkurat redd for at det skulle kantre, seier Marius, men mamma Monika Frantzvåg er av ei litt anna oppfatning. Ho trur sonen har tenkt litt på at nettopp dette skulle skje.

Sperra område

No står Marius på utsida av sperringane og et softis, medan arbeidarar går inn og ut av skipet. Han lurer veldig på korleis hurtigruta ser ut innvendig, og skulle gjerne ha gått innanfor det forbodne området.

Pustar letta ut

William Walderhaug og Jørgen H.Ullaland

William Walderhaug og Jørgen Theodor Hurlen Ullaland skryt av innsatsen til dei som har stabilisert skipet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Også 7.-klassingane Jørgen Theodor Hurlen Ullaland (12) og William Walderhaug (11) har tatt turen for å sjå om situasjonen er under kontroll. Dei pustar letta ut, når dei ser at skipet krengjer berre litt over på eine sida.

– Dei har gjort ein veldig god jobb, konkluderer William og Jørgen Theodor er samd.

– Dei har rette opp ganske bra, seier han.

Trudde skipet kantra

Dei to 7.-klassingane har vore så spent på kva som ville skje med hurtigruta, at dei to siste dagane har det vore vanskeleg å konsentrere seg på skulen.

– Eg sat på skulen og var sikker på at skipet skulle kantre, seier William. No slappar han litt meir av.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL