Hopp til innhold

Maritim satsing i nedgangstider

Om få dagar startar bygginga av andre byggetrinn i Norsk Maritimt kompetansesenter i Ålesund.

Flyfoto av Norsk Maritimt Kompetansesenter

Her blir det utvida med eit bygg til.

Foto: Sandbakk & Pettersen arkitekter AS/Jorust

Bygget blir på 15 000 kvadratmeter og kjem til å koste omkring ein halv milliard kroner, melder Sunnmørsposten.

Dagleg leiar i NMK Eiendom, Kaj B. Westre, seier dette har vore jobba med sidan hausten 2011. Frå mai og fram til no har dei signert leigekontraktar for to tredelar av bygget.

– Førre veke var den mest kritiske, men viktige avtalar kom på plass, fortel Westre til NRK.

Gamle og nye leigetakarar

Han har også tru på dei leigetakarane som allereie er på plass, og seier det er mykje innovasjon og nytenking ved senteret.

– Det blir satsa, og det er her det skjer!

Dagens bygg er på 24 000 m²og består av to skip. Det nye bygget blir eit tredje skip. Maritim fagskule, simulatorar, Høgskulen, bedrifter med meir viser at det blir satsa også i nedgangstider.

Flyfoto av Norsk Maritimt Kompetansesenter

Norsk Maritimt Kompetansesenter satsar i nedgangstider.

Foto: Sandbakk & Pettersen arkitekter AS/Jorust

– Her er ikkje berre maritime bedrifter, men også marine, som Møreforsking med fleire, fortel Westre.

Kapitalutviding

Han meiner at mykje skjer i dei uformelle areala i bygget. Kaffibaren og kantinerestauranten er dermed viktige mingleplassar som bidrar til innovative samtalar.

– Dessutan er det kort veg over til kollegaer for å lufte nye tankar og idear.

Westre ser at dette kan sjå ut som eit risikoprosjekt, men viser til dei leigeavtalane som er inngått, og til dei reknestykka dei har gjort. Konklusjonen er at dette er dei trygge på. Og for å ha nødvendige økonomiske musklar, har eigarane i NMK Eiendom AS gjennomført ei kapitalutviding med 90 millionar kroner til 230 millionar.

Norsk Maritimt Kompetansesenter utvidar med 15 000 kvadratmeter i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL