Marita trudde først at ho var vitne til flystyrt

Då Marita Gjævenes Krohn såg noko stort og flammande på himmelen i Sykkylven, var ho livredd for at det var eit fly som styrta. Mest truleg ein meteor, konkluderer ekspert med.

Trond var på vei til jobb da han plutselig så noe som kom flyvende på himmelen

I Trøndelag filma Trond Bentzen fenomenet med kamera festa til dashbordet i bilen.

Like etter at sunnmørskvinna køyrde heimanfrå frå Tusvika i Sykkylven ca. klokka 06.35 tysdag fekk ho seg ei stor overrasking.

– Eg såg ei gigantisk kule med flammar bak som var på veg ned mot sjøen. Eg banna høgt og vart livredd for at det skulle vere ein flystyrt, seier Marita Gjævenes Krohn. Ho konkluderte fort med at det ikkje var eit fly, men at det heller måtte vere ei eldkule.

– Eg har aldri sett noko så stort på himmelen før, seier Krohn. Ho meiner det var like stort som husa i nærleiken.

Trur det var meteoritt

Bergljot Jensen sat på verandaen to kilometer unna Krohn og drakk kaffi før jobb. Ho såg plutseleg ei stor eldkule som for over himmelen. Kula hadde ein hale av røyk og eld, og det gneistra.

– Eg har aldri sett noko så stort før på himmelen. I vår såg eg noko liknande på same plass, seier Jensen. Både ho og Krohn jobbar på møbelfabrikken Ekornes og der er det fleire andre som har sett det same.

– Eg reknar med at det var ein meteoritt. Det var ikkje eit fly. Det er ikkje mogleg, seier Jensen. Ho rakk ikkje å ta fram telefonen for å ta bilete, sidan det heile var over på nokre sekund.

Filma frå bilen

Tor Einar Aslesen

Tor E. Aslesen i Norsk meteornettverk er sikker på at det var ei eldkulde folk såg i Møre og Romsdal og i Trøndelag tysdag.

Foto: Privat

Også i Trøndelag var det fleire som såg fenomenet tysdag morgon. Trond Bentzen frå Levanger filma alt frå bilen med kameraet på dashbordet. Også han såg ein eldklump med ein hale etter seg.

– Det var utruleg artig å få oppleve nokon slikt, eg har aldri sett ein meteor med mine eigne auge før, seier Bentzen.

Trur det var meteoritt

Tor E. Aslesen i Norsk meteornettverk ser at det har kome fleire observasjonar om det same fenomenet. Hans organisasjon har ikkje kamera i Midt-Norge, men han har sett på videoen frå Bentzen.

– Så lenge dette kan sjåast frå fleire vinklar, er det ikkje berre ein refleks. Det ser ut som ei middels stor eldkule, seier Aslesen. Sidan det byrja å lysne om morgonen, meiner Aslesen at dette tyder på at lyset frå steinen var sterkt. Han meiner det er ganske sannsynleg at dei to kvinnene frå Sunnmøre, såg same eldkule som Bentzen i Trøndelag.

– Nokon kan tru at eit jetfly i soloppgang eller solnedgang er ein meteoritt, men då er fargen raud av sollyset. Dette vi ser på videoen er ein meteoritt. Denne er farga av kollisjon med atmosfæren. Då er den kvit eller sterkt lysande, seier Aslesen.