Dukkehovuda poppar opp
Marianne Heske, festivalkunstnar med videomaleri og t-skjortemotiv. Foto:Gunnar Sandvik.
- Det er så vittig å møte motivet med dukke-hovud på kvart eit gatehjørne, seier kunstnar Marianne Heske til NRK Møre og Romsdal. - Eg gikk bortover Storgata i Molde, og plutseleg så poppa desse hovuda som eg har jobba med i snart 30 år.
Privat blitt allemannseige
Marianne Heske er ein anerkjend kunstnar, med utstillingar over heile verda. Likevel var det svært spesielt å sjå kunstverket sitt pryde brysta til jazz-publikummet i Molde.
Jazz-t-skjorta prydar mange bryst i jazzbyen Molde. Foto: Scanpix.
- I begynnelsen var dette veldig uvant, det handlar om min private sfære på ein måte, og så har det plutseleg blitt allemannseige. - Men det er jo dette eg vil, dukkene skal få liv, og det får dei via desse t-skjortene. - Det er jo vandrande marionettar over alt i Molde no.
Marionettar
Marianne Heske opplever ikkje t-skjorte-kunsten som noka kommersialisering. - Nei absolutt ikkje, det er jo slik at dukkene i kunsten min symboliserer alle menneske, og alle mennske spelar si rolle her på jorda, og det er jo det som skjer her i Molde i desse dagar, at alle går med sin marionette.
Kommunikasjon
Marianne Heske arbeider for tida med ei utstilling i Kina.- Den er ikkje meir eller mindre viktig enn dette i Molde den, alle utstillingar rundt om kring er viktige, seier ho.-Vi kunstnarar har vald her i livet å vere ein kommunikasjonsfaktor, og binde folk saman i ei oppleving. - Slik er det i Kina, og slik er det her under jazzfestivalen i Molde.