Hopp til innhold

Hjalp rockarar å finne tonen med KORK

Til dagleg spelar ho horn, men som mentor i tv-serien «Da KORK kom til bygda» førebur ho rockarar på å dele scene med strykarar og blåsarar i Kringkastingsorkesteret. I kveld kan du sjå resultatet.

Marinette Tonning-Olsen med WOLF

Mentor Marinette Tonning-Olsen og bandmedlemmane Tom Redder, Kenneth Mydland, Kenneth Bergen og Marius Midtbø fekk god kontakt under innspelinga.

Foto: NRK / NRK

Marinette Tonning-Olsen

Marinette Tonning-Olsen er i gang med nye oppdrag for KORK.

Foto: NRK

– Tar det lang tid?

Marinette Tonning-Olsen frå Ålesund har det travelt. Det er lunsjpause i innspelinga av julekonserten som skal sendast på NRK1 1. juledag. Som hornist blir det mange lange dagar med øving og innspeling. I haust har ho i tillegg hatt ei litt uvanleg oppgåve, som mentor for eit rockeband.

– Det er jo ei tillitserklæring å bli spurt, så eg blei jo først og fremst veldig glad. Men eg var jo også litt nervøs for kva eg kunne tilby dei.

Ho seier det er fort å gløyme kor mykje du faktisk kan når ein jobbar med musikk kvar dag, men at ho sjeldan seier nei til ei utfordring. Difor var ho heller aldri i tvil om at ho skulle takk ja til å jobbe med rockebandet WOLF.

– Og så syns eg jo det var kult med rockeband, då, seier ho.

Avsluttar i Dalane

Laurdagens episode er den tredje i serien der profesjonelle musikarar og lokale talent saman lagar ei konsertoppleving i løpet av ei knapp veke.

Det starta i Ulsteinvik, medan vi denne gongen skal til Dalane ved Egersund, med Leo Ajkic som programleiar. Tonning-Olsen seier tida var den største utfordringa, men også at det var ein ny sjanger for henne.

– Det var utfordrande at det var rockarar eg skulle jobbe med, for det har eg ikkje gjort før. I tillegg var dei fire stykke som skulle ha oppfølging, så det var mange ting vi gjerne ville gjere, men det var ikkje nok tid.

Ho seier dei måtte droppe nokre ting heilt på tampen fordi det ikkje fungerte som planlagt.

– Det viktigaste var at framføringa blei bra, at det var fokus på musikkglede og ikkje berre på prestasjon, seier ho.

Blei rørt på første øving

Da KORK kom til bygda (3:5)

Bandet WOLF har ein særeigen musikkstil. Namnet står for War of Low Frequency.

Foto: fotografenas.no

Arbeidet med å klargjere eit rockeband for samspel med Kringkastingsorkesteret bestod først og fremst i å jobbe med korleis låten skulle presenterast.

– Dei spelte sin eigen låt, men dei fekk først vite søndagen før kva for låt som var plukka ut. Så vi hadde berre 3–4 dagar på å få det til, seier Tonning-Olsen.

Ho seier ho blei raskt kjent med dei fire i bandet.

– Eg blei jo fort glad i dei, ja. Dei såg skumle ut, men eg fann fort ut at dei var skjønne og varme menneske.

– Kva var den beste opplevinga?

KORK Dalane

WOLF på scena saman med programleiar Leo Ajkic.

Foto: Morten Aakre / NRK

– Å, det var mykje! Men i tillegg til sjølve konserten, då dei gjorde det skikkeleg bra, trur eg kanskje eg må seie at det var den først gongen dei skulle inn og øve med orkesteret. Då musikarane sat der og venta blei eg både veldig nervøs og veldig rørt.

Godt fornøgd med konserten

Under sjølve konserten spelte ikkje Tonning-Olsen med orkesteret slik ho brukar å gjere, men stod i kulissane og passa på at alt gjekk som det skulle. Men ho kan avsløre at resultatet vart enda betre enn ho hadde håpa på, både direkte og i det ferdig programmet.

– Bandet har ikkje sett programmet, og dei sender meg stadig meldingar for å høyre korleis det går, ler ho.

– Men dei kjem til å bli kjempestolte, sjølv om det vart litt mykje grining.


Heile programmet kan du sjå på NRK1 laurdag klokka 19.55 og i nett-tv. Heile konserten blir sendt same dag etter Kveldsnytt klokka 23.25.