NRK Meny
Normal

Marie Takvam er død

Marie Takvam er død, 81 år gamal. Takvam var frå Ørsta, og er kjend som forfattar og skodespelar.

Marie Takvam
Foto: Irene Velsvik Bele

Takvam debuterte 25 år gamal med diktsamlinga "Dåp under sju stjerner". Takvam gav i løpet av karriera ut bøker i fleire sjangrar, men er mest kjent som lyrikar.

I alt skreiv ho 10 diktsamlingar. Mange av dikta handla om kjærleik og kvinnesak. 

Marie Takvam har også arbeidd i Barnetimen, og skrive barnebøker. I 1977 hadde ho hovudrolla i filmen "Åpenbaringen", og spelte same rolle i "Det tause flertall".