Marie Takvam 80 år

Diktaren Marie Takvam har tagd i mange år no. Men interessa for diktinga hennar har ikkje minka.

Marie Takvam
Foto: Irene Velsvik Bele

Marie Takvam er ikkje den lyrikaren eg oftast hentar fram frå bokhylla. Men det er godt og viktig å vite at ho er der, og at  diktarrøysta hennar har nådd fram til mange, heilt sidan ho debuterte med Dåp under sju stjerner i 1952.

I 2003 kunne ho nyte både sommarsola og hyllesten frå eit publikum som var oppriktig glad i henne då ho besøkte Dei nynorske festspela som årets festspeldiktar. Marie Takvam på Dei nynorske festspela 2003

I oktober i år arrangerte Høgskulen i Volda eit jubileumsseminar om diktinga hennar.

Og i haust gav den unge duoen Kvann ut ein CD med tonesette dikt av Marie Takvam.

Aldrande diktar

Den som har nådd dei 80, veit kva åra gjer med kropp og sinn. Få har skildra aldringa og forfallet så ramt i sine dikt som Marie Takvam. I tidlege diktarår er denne prosessen noko som kan skimtast i det fjerne. «Mi sjel er enno eit nykveikt bål» seier ho i diktet «Til ei eldre kvinne». (Syngjande kjelder, 1954). I samlinga Merke etter liv (1962) er ungdomstida over, men det kan ho snakke skjemtande om, som i diktet «Sjå kor vi unge eldest»:

Stille burde vi stå/som statuer i parken/så duer kunne kvile på oss
og snøen kunne mildne våre drag/og menneskja kunne vite kvar dei har oss!

Eller – i same boka – eit meir nådelaust møte med ein uavvendeleg lagnad i «Ein iskald lys morgon», der ho i spegelen møter

omriss av kraniet/tydelegare og meire gulbleikt enn før.

I dei to siste samlingane hennar: Aldrande drabantby (1987) og Rognebær (1990) er aldringa ikkje lenger noko som høyrer framtida til. Somme tider forsonar ho seg med det, om enn motviljug, som i «Godta forvandling»:

Fortel meg sanninga så nådelaus/om desse slaskefiller hengjande ifrå mi bringe
og skrukkemunnen som så snart skal tagne.

Til andre tider strittar ho imot så godt ho kan, finn seg ei livsløgn med god hjelp av den trøysta som flyt og skildrar prosessen med stor sjølvironi («Haust»):

Latterleg lettlurd er eg/gløymer all naud og pine,
syng viser og dansar på golvet.

 

Barndom under stjerner

Samtidig med at ho eldest, kjem også barndommen klårare og klårare fram i dikta hennar. Barneåra heime på Skylstad i Norangsdalen. Stjernene, som vi alt møtte i titteldiktet i debutsamlinga, tindrar ofte i dikta om barndommen, særleg i Aldrande drabantby. «Eg trudde at tindane nådde opp i stjernene,» skriv ho. Og i diktet «Frå barndomsdalen»:

Far hadde vore på den høgste tinden
og eg visste at han hadde plukka stjerner.

Den som er oppvaksen under Slogen, lærer seg å løfte blikket høgt mot himmelen!

 

 

Samtid

Marie Takvam
Foto: NRK

 

Vi kan ikkje lese diktsamlingane til Marie Takvam utan å bli mint om historia som utspelar seg her og no, ofte ubehagelege påminningar. Visst skriv ho om dei sentrallyriske tema døden og kjærleiken. Men ho er også ein politisk diktar, utan å forfalle til rein kommentator, til dømes når ho skriv om «Europa, den gamle hora» og om Europa som brenner korn for økonomiens skuld. Og ho har vist oss kvinnerolla frå mange sider.

I fleire dikt har drabantbybuaren Marie Takvam gitt oss skarpe bilete frå nettopp livet i drabantbyen. Og kjærleiksdiktet til Oslo i Aldrande drabantby er fylt av motsetnader, motvilje, nesten hat – men likevel ein så ekte kjærleik som berre ein innflyttar kan kjenne til den byen som du enten må erobre eller bli knekt av.

Ho er raus, Marie Takvam, både i diktinga og i livet elles, det veit ikkje minst den som har opplevd å møte henne ansikt til ansikt. Ho heldt med stor forteljarglede Barnetimar for dei minste i NRK; mange som i dag er godt vaksne vil frå sin barndom hugse forteljinga om Maria og katten i Venezia, som også kom i bokform. Dramatikar og romanforfattar kan ho kalle seg, og som middelaldrande prøvde ho seg også som filmskodespelar. Ho er eit menneske med stor livsappetitt og skaparkraft.

 

Visdom

I etterordet til Marie Takvam: Dikt i samling (1997) samanliknar Torunn Borge og Henning Hagerup henne med to andre store norske lyrikarar: Olav H. Hauge og Rolf Jacobsen: Dei to mennene gjev i sine seine diktsamlingar inntrykk av å gjere opp status – dei ser seg attende med stor, vismannsaktig ro. Dette nektar Marie Takvam nesten konsekvent å gjere, konstaterer Borge og Hagerup. Eg trur dei har rett, og eg synest Marie Takvam best forklarar dette sjølv i diktet «Kva kan eg seie deg, barn?» (Falle og reise seg att, 1980), der diktaren innser at same kva kloke råd ho kan gje den unge, blir visdommen hennar kanskje til inga nytte i ei framtid ho ikkje kjenner. Og likevel:

Kanskje kan eg våge meg til å kviskre til deg: Elsk om du kan
elske, og om det fins nokon å elske i di framtid.