Hopp til innhold

Marie Lovise Widnes er død

Forfattar og politikar Marie Lovise Widnes er død, 91 år gammal. Familien melder på Widnes sine facebook-sider at ho somna inn i dag tidleg etter å ha vore sjuk ei stund. Widnes budde på Hareid i mange tiår, men kom opphavleg frå Vanylven.

Ho sat på Stortinget for SV frå 1989-1993. Widnes fekk mange utmerkingar og mellom desse var Kongens fortenstmedalje i gull (2006).

Marie Lovise Widnes var også i mange år ein aktiv songar. Visa «Gangdøra» skreiv ho som 19-åring og denne kom på plate i 1957.

Marie Lovise Widnes, anno 2016
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL