Hopp til innhold

Maria Elise blei årets nyttårsbarn i Møre og Romsdal

Marie Elise Mork blei fødd vel tre timar inn i det nye året. Då riene starta stod mora på sjukehusverandaen og såg på rakettane.

Maria Elise Mork

Her er årets nyttårsbarn i Møre og Romsdal. Ho er berre nokre timar gamal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Heidi Mork (31) fortel at veslejenta eigentleg skulle sett dagens lys 23. desember. Men slik blei det ikkje. Først vel åtte dagar seinare blei ho fødd på Ålesund sjukehus.

Det gjekk bra og kjapt, heldigvis, seier den nybakte tobarnsmora, Heidi Mork frå Brattvåg i Haram.

– Fekk sjå eit hav av rakettar

Ho seier at fødselen blei sett i gang allereie 30. desember, og då var avtalen at ho og mannen, Per Magne Mork, skulle kome tilbake om kvelden nyttårsaftan.

Heidi og Maria Elise Mork

Heidi Mork såg rakettane frå verandaen på sjukehuset. Like etter midnatt gjekk ho inn på rommet – og blei der.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Like før midnatt blei det fortgang i fødselen, då vatnet gjekk.

Vi kom oss ut på balkongen og fekk sjå eit hav av rakettar. Eg gjekk vel inn kvart over tolv, og då blei eg verande på rommet, seier ho.

Berre vel tre timar seinare kom jenta til verda.

Les om andre nyttårsbarn i Møre og Romsdal:

Årets nyttårsbarn i Noreg kom til verda i Trøndelag seks minutt inne i det nye året.

Kalla opp etter kvinner i slekta

Hentesett til Marie Elise Mork

Ho blir fin når ho snart reiser frå sjukehuset. Mormor har ordna hentesettet til Maria Elise Mork.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Namnet er allereie bestemt, og jenta heiter altså Maria Elise. "Maria" er etter bestemødrene og "Elise" frå ei oldemor på farssida og tippoldemor på morssida.

Ifølgje mora har jenta mørk blondt hår og blå auge – og same nasen som storebroren på fire år. Ho var 3540 gram tung og 49 centimeter lang då ho kom til verda nokre dagar på overtid.

– Ho er veldig, veldig, veldig fin, seier mora.

Ny fødsel i Volda tre minutt etter

På sjukehusa i Molde og Kristiansund har det ikkje vore ein einaste fødsel nyårsdøgnet. I Volda kom eit barn til verda, berre tre minutt etter fødselen i Ålesund.

Det er jo litt stas, vi blei heldige, vi då, seier jordmor Toril Krohn Alvestad. Ho seier at nyttårsbabyen får med seg ei lita gåve frå avdelinga.

Vi er jo alltid litt spent på kvar nyttårsbarnet i fylket blir fødd, seier ho.

Glad ho ikkje blei fødd julaftan

No blir det dobbeltfeiring hos familien Mork dei neste åra, men mora er glad for at jenta kom til verda i nyttårshelga, og ikkje på julaftan.

Eg er eigentleg glad for at det blei 1. januar, då er familien stort sett fri, eg er glad for at det ikkje blei julaftan, så ho måtte dele dagen med resten av landet som også feirar, seier ho.

Maria Elise Mork

Her er årets nyttårsbarn i Møre og Romsdal!

Foto: privat