Hopp til innhold

Maria bygde om møkkakjellaren til hundebasseng

Då fjøset blei ståande tomt, såg ho sjansen til å oppfylle draumen. No kjem hundar hit for å pleie og opptrening.

Hundesenter i Surnadal

På Settem gard har møkkakjellaren blitt bygd om til eit symjebasseng. Det er cavalieren Felix veldig glad for.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Hundane blir glade når dei kjem hit. Dei viser så mykje kjensler, seier Maria Garthe.

Eigentleg er ho bioingeniør, men kjærleiken fekk henne til å satse på hundar i den vesle bygda Bøfjorden i Surnadal i staden. No har ho bygd om fjøset til eit rehabiliteringssenter for hund, som opna i haust.

Hundane kan gå på vasstredemølle, få massasje og laserbehandling, eller trene balanse, styrke og hinderløype. I det som før var møkkakjellaren finn ein sjølve hovudattraksjonen, eit stort symjebasseng.

Hundesenter i Surnadal, Maria Garthe

Maria Garthe håper at hund no skal kunne bli fulltidsjobben hennar. Ho har tatt utdanning som hundemassør, rehabiliteringsterapeut og laserterapeut i privat regi.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Fjøset blei ståande tomt fordi vi blei med samdrift. Eg har drive med hund i 25 år og har alltid hatt ein draum om å starte eit slikt senter, seier Garthe.

Prosjektet har kosta rundt 3,5 millionar kroner og har fått støtte frå Innovasjon Norge.

– Det er hund som har vore livet mitt. Dei gir så mykje av seg sjølv til oss menneske, og då er det godt å kunne gje noko tilbake.

Fekk store skadar etter påkøyrsel

Ved bassengkanten nærast ristar Ayla (6) av spenning. Når leikebeinet blir hive ut, er ho rask til å stupe uti og hente den tilbake.

Ein dei mest trufaste kundane er Iren Sæterbø og den svarte blandingshunden hennar. For tre år sidan blei Ayla påkøyrd av ein bil, og begge leddband og fremre korsband rauk.

– Dei tre første vekene var ho berre i bur, og eg bar ho bort for at ho skulle på do. Ho hadde vondt i foten og all muskulatur var borte, seier Sæterbø.

Så fekk Sæterbø vite at det var ei i same kommune som dreiv med opptrening. I dag er ho kjempeglad dette tilbodet så nære.

– Det var utruleg god hjelp. I dag fungerer ho fint i kvardagen og kan vere med på fjellturar på 3–4 timar. Det er godt å få hunden sin tilbake, seier Sæterbø.

Inger Sæterbø og hunden Ayla

Rehabilitering og pleie av Ayla har truleg kosta Iren Sæterbø over 50.000, der ho har betalt det meste sjølv. – Hobbyen min er hund, eg har ingen interesse av å fare til Syden.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Færre av dyra blir avliva

Veterinærforeninga er glad for at det kjem fleire stader som tilbyr rehabilitering.

– Alt som kan gjere dyrevelferda betre er vi i utgangspunktet positive til, så lenge det er folk som har fagleg bakgrunn. Geografi er ei utfordring i Noreg, og det er meir slike tilbod der det er mykje folk, seier Torill Moseng, president i Norges Veterinærforening

Torill Moseng. president i Den norske veterinærforening

Torill Moseng er veterinær og president i Norges veterinærforening.

Foto: Den norske veterinærforening

Tidlegare var det lågare terskel for å avlive skadde og skrøpelege husdyr. No har ein langt fleire moglegheiter for behandling.

Veterinær og eigar vurderer om hunden kan få ein god nok dyrevelferd til at det bør få leve.

– Dei fleste som treng operasjon, bør også ha rehabilitering. Nokre operasjonar er kanskje vanskelege å rettferdiggjere dersom ein ikkje har tilgang til dette, seier Moseng.

Hundesenter i Surnadal

Hilde Smenes: – Hos oss er det hund for alle pengane. Vi brukar ein del på det, men det synest eg det er verdt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil ha hunden lengst mogleg

Hunden til Hilde Smenes er åtte år og konkurrerer i lydigheitsløp. Hunden kan fort bli litt stiv og støl, då kan det godt å kome hit for å symje, få massasje og laserbehandling.

– Kvifor er det viktig å halde hunden i form?

– Då har eg henne lengst mogleg. Skal eg konkurrere med henne så vil eg ikkje ha ein hund som er stiv i kroppen, seier Smenes.

Maria Garthe

Maria Garthe driv Sarang Hundeterapi med hjelp av mannen hennar Ingebrigt. Koronatida har gitt ein roleg start for senteret, men ho håpar å kunne tilsette ein til på sikt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det er også ein motivasjon for Maria Garthe at hundane og menneska kan få fleire år saman.

– Eg veit jo kor mykje ein hund kan bety for oss hundeeigarar . Då er det fint å kunne bidra med at eigaren får ha menneskets beste ven i nokre år til, seier Garthe.