Mari Boine til festspela

Fredag 14. juni spelar Mari Boine i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela. – Mari Boine er ein stor internasjonal artist, og ein stolt formidlar av språket og kulturen sin, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik. Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og Forteljingar som tema.

Mari Boine på Varangerfestivalen
Foto: Knut-Sverre Horn / NRK