Mari (14) kutta i skjermtid på mobilen og fekk det betre

SYKKYLVEN (NRK): Innhaldet på Instagram fekk henne til å kjenne seg utilstrekkeleg. No følgjer Mari berre vener i sosiale medium.

Mari Velle Ødegård

BEVISST: Mari gjekk lei av å kjenne seg utilstrekkeleg. Ho syns det hjelper å kutte i bruken av sosiale medium.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mari Ødegård (14) står midt i venninnegjengen utanfor Sykkylven ungdomsskule. I hendene har ho mobiltelefonen, og fingrane flyg over skjermen når ho sjekkar Snapchat.

– Eg har vurdert å slette appar, og tenkjer ofte over at eg treng jo i grunn berre telefonen for å ringe, fortel ho.

Mari Ødegård brukar telefonen.

TIDSTJUV: Snapchat er den appen Mari brukar mest tid på i dag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I skuletida ligg telefonen i eit mobilskap, fordi den elles tek for mykje merksemd. Men på fritida er det opp til dei sjølve kor mykje tid dei brukar på telefonen.

Då Mari sette tidsgrense på bruk av appar for å sjekke kor mykje ho brukte telefonen, fekk ho seg ein vekkar.

– No har eg maksgrense på skjermtid for alle sosiale medium. Eg får eit varsel om eg brukar meir enn 30 minutt på Snapchat og 20 minutt på Instagram dagleg, seier ho.

Slutta å følgje fleire

I tillegg slutta Mari å følgje påverkarar.

– Eg følgde påverkarar som framstiller seg sjølve som perfekte. Det fekk meg til kjenne meg usikker og at eg burde kjøpe merkeklede og sminke for å vere bra nok, seier ho.

Og legg til:

– Eg brukte mykje meir tid på å tenke over korleis eg såg ut før. No har eg det mykje betre med meg sjølv, seier Mari.

Mari Velle Ødegård

FRIMINUTT: Mari og venninnene ved Sykkylven ungdomsskule har fått hente telefonane frå mobilskapet for høva.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ikkje kor mykje, men korleis

Stipendiat Mehri S. Agai ved UiB.

IKKJE SVART-KVITT: Mehri S. Agai ved Universitetet i Bergen forskar på digital fråkopling og sosial ulikskap blant ungdommar.

Foto: Janne Biedilæ Bjorgan / UiB

Sidan landet stengde ned i mars brukar nordmenn i alle aldrar meir tid på sosiale medium, fortel psykolog og stipendiat Mehri S. Agai ved Universitetet i Bergen.

Ho forskar på unge sin bruk av sosiale medium, men er meir opptatt av korleis appane blir brukt enn tidsbruken i seg sjølv.

– Eg ser at sosiale medium ikkje nødvendigvis er negativt for dei som brukar plattformene til å snakke med vener, seier ho

– Dei som har eit passivt forhold til plattforma dei brukar og menneska dei følgjer, som typisk går inn og skrollar og ser, vert påverka meir negativt enn dei som faktisk samhandlar.

Agai seier det kan vere positivt at unge kan halde kontakta i sosiale medium i ein kvardag der dei ikkje fysisk kan møte venene sine like mykje som før.

– Dei kjenner at dei er ein del av eit fellesskap gjennom sosiale medium, noko dei treng, seier ho.

Mari Ødegaard og medelever

FELLESSKAP: Fellesskapet dei unge har gjennom sosiale medium er viktig, meiner psykologen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Gjer seg eigne erfaringar

Agai seier mange av ungdomane som deltar i studien hennar gjer uttrykk for at dei saknar den fysiske kontakta, og ho trur erfaringane dei gjer seg i disse dagar er verdifulle.

– No opplever dei sjølve at det blir for mykje skjermbruk. Det er noko anna ein at foreldre, lærarar eller andre vaksne fortel dei det.

For Mari i Sykkylven blei løysinga at ho stort sett berre følgjer venene sine i sosiale medium. No håpar ho å inspirere venninnegjengen til å gjere det same.

– Eg vil at dei skal få det betre med seg sjølve også, seier ho.