NRK Meny
Normal

Marcus og Martinus er utselde i Ålesund

10.000 billettar til Barnefestivalen Minijugend er utseld på kort tid. Det er Marcus og Martinus-feberen som er årsaka.

Marcus og Martinus på Sommerfesten 2016

Marcus og Martinus er det store trekkplasteret under barnefestivalen i Ålesund. Her er dei på Sommerfesten på Giske.

Foto: Frode Berg / NRK

Tvillingane Marcus og Martinus er utan tvil det største trekkplasteren når festivalarrangøren Momentium for første gang arrangerer ein eigen festival for barn. På få veker har 10.000 billettar blitt seld. No er det tomt.

– Dei er sinnssjukt populære. Vi trudde festivalen kom til å selje bra, men ikkje at det skulle gå så fort, seier Ante Giskeødegård i Momentium.

Skapte kaos

I fjor sommar fekk festivalarrangøren erfare kor populære dei to tenåringsartistane er. På Sommarfesten på Giske vart det kaotiske tilstandar for å kome seg ut på øya. Busskøane i Ålesund var lange og ein del barn fekk ikkje med seg konserten. 25.000 menneske vart det talt på festivalen.

Giskeødegård seier at årets konsert med Marcus og Martinus vert heilt annleis. På Sommarfesten er det ikkje billettsal og ein visste dermed ikkje kor mange som kom. For å kome til festivalområdet må ein gjennom undersjøiske tunnelar og over ei bru, og det vart trafikkork.

God logistikk

Minijugend føregår på Color Line Stadion i Ålesund.

– Dette er ein stadion som logistikkmessig er laga for å ta imot så store folkemengde. Vi skal gjere alt vi kan for at logistikken skal vere best mogleg og føresetnadene er mykje betre enn vi hadde på Giske, seier Giskeødegård.

I tillegg til Marcus og Martinus står Freddy Kalas og Sval på programmet. Barnefestivalen er 19. august, same helg som Jugendfest.

Siste video/lyd

Innbyggerne på Kleive i Molde kommune frykter ulykker, og kjemper for å få revet ei falleferdig brygge. Kommunen sier det ikke er deres ansvar.
I dag var entreprenørar på synfaring på traseen for Nordøyvegen. Statens vegvesen har utlyst dei første kontraktane, og interessa er stor.
Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.