Hopp til innhold

Manuell teljing av tvangsvedtak i Helse Møre og Romsdal fann avvik

Helse Møre og Romsdal har fått krass kritikk for ulik registering av bruk av tvang i psykiatrien gjennom fleire år. Etter pålegg frå Helsedirektoratet har helseføretaket no offentleggjort tala for tvangsvedtak dei siste åra.

Fra det gamle sjukehusområdet på Opdøl ved Hjelset.

Tvangsbruken i Helse Møre og Romsdal, her representert ved psykiatrisk avdeling på Hjelset, har fått mykje kritikk.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal hadde frist før 1. april med å gjennomføre ei manuell teljing av alle tvangsvedtak for åra 2014 og 2015. Seint fredag blei tala klare.

– Den manuelle teljinga gir mykje kunnskap om korleis vi kan få meir standardisert praksis på eiga registrering, seier klinikksjef for psykisk helse og rus Ketil Gaupset.

Hausten 2016 var det både nasjonalt og regionalt fokus på bruk av tvang i psykiatrien. Helse Møre og Romsdal blei peika ut som ein «versting» i bruk av tvang, etter at VG kom med store avsløringar. Dette har ført til ein omfattande prosess i Helse Møre og Romsdal for å få kontroll over situasjonen.

– Dette er ei alvorleg sak for Helse Møre og Romsdal. Under den tabloide framstillinga ligg det mange faglege vurderingar, sa administrerande direktør Espen Remme då styret i helseføretaket starta å behandle saka.

Statistikk tvangsbruk

Helse Møre og Romsdal la fram tala for tvangsvedtak i 2014 og 2015 fredag.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Ketil Gaupset

Klinikksjef for psykisk helse og rus Ketil Gaupset meiner den manuelle teljinga gir mykje kunnskap.

Foto: Helse Midt-Norge

– Ulik praksis

Den manuelle teljinga starta i februar.

– Bruk av tvang er ein sterk inngripen overfor enkeltmenneske, men i nokre situasjonar er det diverre naudsynt. Det er vårt ansvar å handtere dette på ein forsvarleg og respektfull måte, seier Gaupset.

– Vi ser at det har vore ulik praksis for korleis vedtaka blir ført i seksjonane, og derfor må ein vere varsam i samanlikninga av tala, legg han til.

Alle tvangsvedtak skal no vere kvalitetssikra, men føretaket har registrert avvik.,

– Avvika blir følgt opp med tiltak for å sikre rett dokumentasjon i ettertid, seier Gaupset.

Klinikken til Gaupset vil no sjå tala opp mot bruk av tvang i andre helseføretak. I tillegg er det laga ein plan for rett og redusert bruk av tvang som blei sendt til Helse Midt-Noreg fredag ettermiddag.