Manuell dirigering
Vegvesenet melder at det er manuell dirigering ved Kleivaneset mellom Sjøholt og Stordal. Grunnen er at det må på plass ein større bergingsbil for å hente opp bussen som sklei av vegen i ettermiddag. Vegen kan også bli stengt på kort varsel.