Hopp til innhold

Strengt vakthald skal hindre smittespreiing

Sju personar er sett i isolasjon etter å ha testa positivt for koronasmitte ved Fiskerstrand Verft på Sunnmøre. Fredag blir resten av mannskapet i dei to båtane testa.

Russiske båtar til kai ved Fiskerstrand verft. Mannskapet blir testa for korona.

Dei to båtane ligg til kai ved Fiskerstrand Verft AS i Sula kommune på Sunnmøre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Alle om bord i dei to russiske båtane blir testa på kaia ved verftet fredag. Det er snakk om rundt 200 personar.

Russiske båtar til kai ved Fiskerstrand verft. Mannskapet blir testa for korona.

Mannskapet blir testa fredag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi har torsdag jobba med å etablere ein teststasjon inne på verftsområdet. På denne måten får vi ei effektiv testing av dei som er i karantene utan at vi må ta dei ut av området, seier kommunelegen i Sula, Marianne Bjerkevåg.

Kommunen håper å ha svar på desse testane allereie laurdag. Dei som no er i karantene kjem til å bli testa kvar tredje dag framover. Dei sju som er smitta har så langt milde symptom.

– Dei blei kontrollert av skipslegen før dei gjekk av båtane og dei blir varetatt av helsepersonell, seier kommunelegen.

Vakthald heile døgnet

Kommunen har plassert ut vakthald ved landgangane til båtane heile døgnet. I tillegg er portane til verftsområdet stengt.

– Det skal derfor ikkje vere mogleg for personar som sit i isolasjon eller karantene å forlate verftsområdet, opplyser kommunen.

Fiskerstrand verft er stengt av etter smitte. Mannskap om bord i to russiske båtar blir testa for korona.

Portane til verftsområdet er stengt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ikkje fare for smittespreiing

Ifølge kommunelegen skal det ikkje vere fare for at smitten skal spreie seg vidare til lokalbefolkninga eller dei andre tilsette på verftet.

– Her har samarbeidet med verftet vore viktig. Dei har tatt dette svært alvorleg, seier Bjerkevåg.

Russiske båtar til kai ved Fiskerstrand verft. Mannskapet blir testa for korona.

Mannskapet i dei to båtane er sett i karantene, medan dei smitta er plassert i isolasjon.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dei sju som er smitta ved Fiskerstrand Verft er sett i isolasjon, medan resten av mannskapet sit i karantene om bord i båtane på verftsområdet. Dei sju er ein del av eit mannskapsbyte som no er om bord i to russiske båtar ved verftet. Smitten blei oppdaga i samband med rutinemessig testing på Vigra då dei kom frå utland. Mannskapet kom tilreisande med charterfly.

Etter testing reiste dei i eigne bussar til verftet og gjekk umiddelbart om bord i båtane og alle er no i pliktig innreisekarantene, opplyser kommunen. Bjerkevåg seier at dei har kontroll på smittesituasjonen.

– Vi har no fått god oversikt over situasjonen og samarbeider tett med verftet og skipsagenten.