Hopp til innhold

Mannequin-trenden har kome til Noreg

Utfordringa der du skal prøve å stå stille som ei utstillingsdokke spreiar seg no som ein farsott på sosiale medier, også i Noreg.

Molde handball mannequin challange

Molde Handballklubb lagde sin eigen versjon av #MannequinChallenge.

Foto: Skjermdum

Fenomenet #MannequinChallenge har den siste tida tatt USA med storm og både store og små har kasta seg på trenden, inkludert ein rekke kjendisar.

Kristina Logvin

Moldespelar Kristina Logvin var ein av dei som tok initiativ til å gjere #MannequinChallenge.

Foto: Molde Elite

Utfordringa går ut på å stå heilt stille som ei utstillingsdokke i ein kvardagsleg situasjon medan ein person går rundt og filmar. No har trenden også for fullt kome til Noreg.

Damelaget til Molde Handballklubb er blant dei som har tatt utfordringa. Ideen fekk dei frå andre videoar dei hadde sett på sosiale medium.

– Eg hadde sett at mange fotball- og basketballag hadde gjort det, så eg sa at vi også måtte gjere det dersom vi vann kampen. Vi synest det verka gøy, og ville lage vår eigen versjon, seier Moldespelar Kristina Logvin.

Tek av på sosiale medium

På Instagram finst det i overkant av 500.000 innlegg med emneknaggen #MannequinChallenge. Også på Twitter finst det tusenvis at videoar med emneknaggen.

I mange av filmane blir låten «Black Beatles» med Rae Sremmurd spelt i bakgrunnen. Låten klatra denne veka til førsteplassen på Billbord Hot 100 lista i USA, og ligg som nummer to på lista over dei mest spelte songane på Spotify i Norge.

Den nye trenden føyer seg i rekka av tidlegare sosiale medietrendar som «planking», «Harlem Shake» og danseutfordringa «Juju on that beat».

Også det norske herrelandslaget i hopp har kasta seg på bølga.

Fleire årsaker

Halvdan Haugsbakken er forskar på sosiale medier, men seier det er vanskeleg å forklare kva som er suksessoppskrifta for å få ein trend til å spreie seg. Det er likevel nokre ting som karakteriserer trendar som blant anna #MannequinChallenge.

Halvdan Haugsbakken

Forskar på sosiale medier, Halvdan Haugsbakken, seier at ting som trendar ofte er som er gøy og lett å kopiere.

Foto: Ingrid Tinmannsvik / NRK

– Det kan for eksempel vere ein del av ein marknadsstrategi, men heilt uskyldige stunt kan også ta av. Vi ser også at slike ting ofte speglar det som skjer i elles samfunnet, seier han.

Haugsbakken skil mellom det ferdige innhaldet som ein berre liker og deler, og det brukargenererte innhaldet som kan endrast og skapast ved at folk sjølv deltek og lagar sin eigen versjon. På den måten kan slike trendar bli spreidd ved at mange delar den same bodskapen.

– Når brukarane oppfattar det som ufarleg, vil dei føle seg invitert til å delta. Samtidig er det noko som er gøy og lett å kopiere for folk flest. Dette er noko av styrken i trenden, seier Haugsbakken.

– Sosiale medier handlar om deltaking, men også om humor, held han fram.

Handballspelarane i Molde fekk med seg fleire frå støtteapparatet også på stuntet.

– Det var vanskelegare enn eg hadde trudd å stå stille, men veldig kjekt. Vi er saman kvar dag og likar å finne på morosame ting som dette, seier Kristina Logvin lattermil.

Sjå også: