Mannen truar over 400 sauar

Deler av Mannen bevegar seg tre gonger meir på vekas måling, og blir det meir dramatisk må folk og over 400 sauar evakuerast.

Over 400 sauar beitar i eit skredfarleg område, ved Mannen i Rauma.

Ole Kjell Talberg

FARE: Ole Kjell Talberg er spesialrådgjevar i Rauma kommune, og seier sauane må evakuerast dersom Mannen bevegar seg meir.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Akkurat no beitar sauane i eit skredfarleg område, seier Ole Kjell Talberg som er spesialrådgjevar i Rauma kommune.

Det er ei stor ro som pregar dei over fire hundre sauane som beitar på Horgheim i Rauma kommune, men over saueflokken bevegar deler av fjellpartiet Mannen seg meir og meir etter kvart som sommardagane blir varmare.

– Viss det skulle skje noko meir må dyra flyttast til eit sikrare område, seier Talberg.

Bevegar seg meir enn førre veke

Sauar ved Mannen i Rauma

STOR RO: Det er framleis stille og roleg for dei over 400 sauane som beitar på Horgheim i Rauma kommune.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sidan oktober i fjor har Mannen bevega seg rundt 300 millimeter, og vekesrapporten som kom i dag viser at deler av Mannen bevegar seg tre millimeter kvar dag. Det er tre gonger så mykje som ved førre rapport, sist veke.

Geologane fylgjer tett med på utviklinga i fjellet, og aukar farenivået dramatisk blir fylkesmannen og kommunen varsla. Med varmen som kjem dei nærmaste dagane, så spørst det om dei 15 personane som bur i bygda igjen må evakuere, saman med saueflokken oppi Romsdalen.

– Det beste hadde vore å ha fått sauane på fjellbeite, så hadde me vore ferdig med det, seier Talberg.

Forseinka beite

For bonden gjør det ikkje saka enklare med eit fjellbeite som er fleire veker forseinka. Planen er å få eit par hundre sauer til fjells på sundag, og resten av flokken av garde så fort som mogeleg.

– Det er store mengder, og det er sjølvsagt mange årslam, små dyr. Det er ein del transportkøyring opp i fjellet, seier Talberg.

Kva er det som gjer at dyra ikkje kan sendast opp på fjellet i dag?

– Det er beitegrunnlaget som er mangelfaktoren. Det ligg framleis mykje snø der, og det må bli ein del grøne spirer for at sauane skal komme seg dit, seier Talberg.