NRK Meny
Normal

Mannen rører seg mindre

Bevegelsane i fjellpartiet ved Mannen minkar. Nye målingar viser at det no er mindre rørsler i fjellpartiet ved Mannen enn det var sist veke.

Fjellet Mannen i Rauma

Nye målingar viser at rørslene i fjellpartiet ved Mannen går saktere enn før.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Lars Harald Blikra geolog Rauma Mannen

Sjefgeolog Lars Harald Blikra ved Åknes/Tafjord beredskap.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det går saktare, men fjellet står framleis ikkje stille. Sidan 6. oktober har fjellpartiet flytta seg heile 27 centimeter. Når rørslene no er mindre, meiner sjefgeolog Lars Harald Blikra ved Åknes/Tafjord beredskap at det skuldast kulden.

– Det har roa seg ein del ned no når det er såpass kaldt, men det flyttar seg framleis ein til to millimeter i døgnet i øvre del, seier han.

Han trur difor det vil ta tid før det venta skredet kjem.

– Det er nok mest sannsynleg at det vil gå til våren eller seinare.

Framleis ikkje trygt

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad i Rauma seier dei følgjer opp bebuarane som er evakuerte.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er framleis forbode å ferdast i området under Mannen, og dei elleve som bur i området får framleis ikkje flytte heim. Til det er skredfaren for stor.

– Det er uråd å seie noko om kor lang tid det vil gå for dei evakuerte kan flytte heim. Det seier ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.

Han seier bebuarane no har fått seg permanente husvære og at dei er ved godt mot.

– Sjølv om det no ikkje lenger er den same farta som det var, rører fjellet seg framleis, seier Hustad.