Hopp til innhold

Mannen har roa seg

Mindre nedbør det siste døgnet.

Mannen i Rauma

Farenivået er framleis gult (moderat), sjølv om rørslene er mindre i mannen. (Arkivfoto)

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Rørslene i Mannen i Rauma har blitt mindre. Det har kome mindre nedbør det siste døgnet.

Dermed ligg rørslene på ni millimeter i døgnet i den øvste delen av Veslemannen.

Dette kjem fram dagsrapporten frå fjellskredovervakinga i NVE søndag.

Farenivået er gult, noko som betyr moderat fare for skred.

NRK melde i går om auka rørsler på grunn av mykje nedbør. Då hadde det ifølge NVE kome 31 millimeter nedbør på eit døgn.