Hopp til innhold

Mannen flytta seg over seks meter i 2018

Det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma flytta seg meir i år enn dei fire siste åra til saman.

Mannen

FLYTTAR SEG: Veslemannen i Rauma i Romsdal har flytta seg over seks meter i år.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det viser ei årsoppsummering NVE – Noregs vassdrags- og energidirektorat – har laga om det spesielle fjellet i Romsdal.

Rapporten viser at den øvre delen av fjellet flytta seg over seks meter sommaren og hausten 2018. Den nedre delen flytta seg over éin meter.

– Rørslene sommaren og hausten 2018 var større enn heile den totale forflyttinga frå hausten 2014 og til våren 2018. Det gjeld både den øvre og den nedre delen av Veslemannen, står det i rapporten frå NVE.

Seks evakueringar

Dei kallar 2018 for eit ekstremår for Veslemannen. Heile seks gonger vart farenivået sett til raudt og dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet vart evakuerte.

Gunn Walstad Sogge

OPPGITT: Gunn Walstad Sogge er ein av dei 11 innbyggjarane som bur ved Mannen.

Foto: NRK

Fleire gonger var også farenivået på oransje nivå, det vil seie at innbyggjarane må gjere seg klare for at det snart kan bli evakuering.

Det førte til stor frustrasjon blant innbyggjarar og andre i kommunen.

– Eg blir like oppgitt kvar gong. Ein tenkjer «ikkje no igjen». Så må vi hive oss rundt og pakke. Vi er slitne, sa Gunn Walstad Sogge 22. oktober, i høve den siste evakueringa i år.

Dei mange evakueringane har også møtt kritikk frå enkelte. Professor Harald Norem meiner det blir lagt for mykje vekt på rørslene i det øvste partiet i fjellet.

– Det er først når heile skredet kjem at det er ein fare for busetnaden, meiner Norem.

– Uvanleg varm sommar

Men tala viser no altså at fjellet har flytta seg spesielt mykje i 2018. I sin rapport forklarer NVE det med ein uvanleg varm sommar på Vestlandet. Det gjaldt også temperaturane i fjellet.

– Veslemannen reagerte med stor sensitivitet for nedbør allereie tidleg i august. Frosten i fjellet forsvann tidlegare enn normalt, noko som gjorde at nedbør kunne gå ned i glidesoner i fjellet. Denne sesongen var også uvanleg ved at snøen la seg tidleg, står det i rapporten.

Størst rørsler i oktober

10. august i år vart farenivået for første gong i år sett til raudt nivå. Vidare vart det tre nye evakueringar i september.

Men dei største rørslene i Veslemannen i år kom i perioden 9. til 15. oktober.

– Der målte vi i ein kort periode fart opp mot 200 centimeter i døgnet i den øvre delen og 8,8 centimeter per døgn i nedre delen. Samla forflytting i perioden 9. til 15. oktober var over 200 centimeter i den øvre delen. Grunnen var høg temperatur og vind som førte til kraftig snøsmelting i fjellet, melder NVE.

I 2019 er det venta endå fleire evakueringar enn i år.

– Dei to siste åra, og spesielt i 2018, er det registrert betydeleg meir rørsle i nedre del av fjellet. Ein svikt i nedre delen kan medføre eit stort skred, melder NVE.

Pressekonferanse med NVE og Rauma kommune om mannen.

MANGE PRESSEMØTE: Pressekonferansane med Rauma-ordførar Lars Olav Hustad og ein geolog frå NVE (her Lars Harald Blikra) er ein fast tradisjon når folket skal få siste nytt om Veslemannen.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL