Hopp til innhold

Mannen får nytt naudaggregat

Overvakinga av det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen i Romsdalen, blir no oppgradert og ingeniørane garanterar god sikkerheit i framtida.

NVE oppe på bunkersen på Mannen

Det nye aggregatet skal fungere som ei reserveovervaking i tilfelle tekniske problem. Det vert installert på toppen av fjellet, på 1294 meter.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

I ein bunker på toppen av det 1294 meter høge romsdalsfjellet "Mannen", blir strømforsyninga til overvåkingssystemet oppgradert. Det har over lengre tid vore fare for fjellras og i fjor haust vart folk som budde nære fjellet evakuert. Nyleg er det oppdaga at fjellet bevegar seg raskare.

Tore Bergeng

Seniøringeniør, Tore Bergeng seier det er viktig med eit reserveaggregat i tilfelle tekniske problem.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

LES OGSÅ:

Overvakingsutstyret frå 2009 har aldri svikta, men no blir det blir likevel innstallert eit reserveaggregat.

– Ein straumstans kan bli fatal, så vi vil installere eit reserve i tilfelle vi får tekniske problem med det eksisterande aggregatet, seier senioringeniør Tore Bergeng.

No skal overvakinga bli sikrare med seperat styring og dieselforsyning til det nye aggregatet.

LES OGSÅ:

– Fungerer garantert

Ved vinterstid kan det vere vanskeleg å kome til med service på toppen av det høge fjellet, men installasjonane som overvåkar røyrslene i fjellet er like viktige året rundt.

– Strømforsyninga i bunkeren forsyner alle instrumenta som vi har på toppen og vidare nedover fjellsida. Den gamle strømforsyninga har gått uavbrutt sidan 2009, så no når vi har oppgradert den med betre sikkerheit, skal systemet garantert fungere i framtida, seier Bergeng.