Hopp til innhold

Mannen er komen til rette

Ein leiteaksjon vart sett i gang i Langevåg i Sula. Store styrkar rykte ut.

Politi

Ein eritreisk mann er sakna i Langevåg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Den eritreiske mannen i trettiåra er no funnen, meldte politiet i 08.20-tida.

Det var klokka 07.04 politiet fekk melding om ein sakna eritreisk mann. Alle instansar vart varsla.

Stor leiteaksjon

Kort tid etter var ein stor leiteaksjon i gang.

Både ambulansehelikopter, frivillige frå Røde Kors og politihund var med.

Funnen etter ein time

Mannen vart funnen i eit hus om lag ein time etter at han vart meldt sakna.

Operasjonsleiar John Bratland i politiet seier til NRK at dei set stor pris på at så mange rykte ut for å hjelpe til.