Hopp til innhold

Mann vedgår ikkje straffskuld

Ein mann i 20-åra som er sikta for drap i Molde vedgår ikkje straffskuld. Det seier advokaten hans, Roy Peder Kulblik, til NRK etter avhøyr i formiddag. Mannen har forklart i politiavhøyr at han ikkje huskar noko frå drapet i Molde. Kulblik seier mannen er fysisk skadd, men i betre form i dag enn onsdag. Mannen blir framstilt for fengsling klokka 13 i dag.