NRK Meny

Mann var truande med kniv

Politiet i Molde fekk like før klokka 21.00 i går ei melding om ein mann som hadde oppsøkt personar på ei adresse i byen. Mannen i 30-åra skal ha oppført seg truande og brukt ein kniv. Det resulterte i at ein av personane fekk ei rift i ein finger. Mannen stakk frå staden, men blei seinare arrestert av politiet. – Han sit no i varetekt og blir truleg avhøyrt seinare i dag. Saka blir etterforska av politiet, seier John Bratland, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.