Mannen frå Møre og Romsdal kjende at noko var alvorleg gale då han vakna og ikkje klarte å reise seg. I løpet av natta hadde han blitt blind på det venstre auget og skjønte umiddelbart at det hasta.
Men då han ringde naudnummeret 113 var det lite hjelp å få.
I staden for å sende ambulanse og køyre han til sjukehuset umiddelbart, bad operatøren den blinde mannen om å sjølv få tak i ei drosje og dra til fastlegen.
Det skulle han aldri gjort. For drosja kom aldri fram, sidan dei hadde feil adresse. Først etter fem timar klarte mannen sjølv å få ein kollega til å køyre seg, og då var han så medtatt at han måtte dels slepast og dels berast ut i bilen.
– Det var ingen hjelp, skriv mannen om AMK i klagen han i ettertid sende til Statsforvaltaren.
Braut lova då dei ikkje slo alarm
Og no får han fullt medhald.
Helseføretaket braut lova då dei ikkje slo full alarm og henta mannen.
Statsforvaltaren, som har behandla klagen frå mannen, slår fast at hastegraden var raud. Det betyr at dei skulle sendt ambulanse, og ikkje overlate til pasient å ordne transporten.
Assisterande fylkeslege Vegard Ansok seier forsinka transport for akutt sjuke pasientar kan få store konsekvensar. Helse Møre og Romsdal har fått frist til mai med å utarbeide prosedyrar som skal hindre at sjuke pasientar sjølve må ordne transport.
Foto: Roar Strøm / NRK– Forsinka transport for akutt sjuke pasientar kan få store konsekvensar, slår assisterande fylkeslege Vegard Ansok fast, og viser til at tilstanden til slike pasientar i løpet av kort tid kan forverrast slik at dei ikkje sjølve er i stand til å følgje opp transportbestillinga.
I ettertid viste det seg at mannen hadde alvorleg blodforgifting. Tilstanden er livstruande dersom det ikkje blir oppdaga og behandla i tide, og er ei av dei viktigaste dødsårsakene ved norske sjukehus.
Helseføretaket beklagar
No får helseføretaket kritikk for at dei ikkje har rutinar for å etterlyse pasientar som er venta inn med drosje.
Klinikksjef Lars Erik Sjømæling i Helse Møre og Romsdal beklagar sterkt at mannen ikkje fekk raskare transport og helsehjelp.
Foto: Roar Strøm / NRKHelseføretaket skriv i ein e-post at dei i ettertid ser at hendinga burde vore handtert annleis, og at dei burde sendt ein ambulanse.
– Vi ser alvorleg på hendinga og beklagar sterkt at pasienten ikkje fekk raskare transport og helsehjelp, skriv klinikksjef Lars Erik Sjømæling.
No blir rutinane endra, slik at AMK får beskjed dersom ikkje pasienten kjem fram til avtalt tidspunkt. Det blir også jobba regionalt og nasjonalt for å styrke transportørkontraktane og for å sikre tydelege roller og ansvarsforhold knytt til transport av pasientar.
Sendt med helikopter til St. Olavs
Då mannen til slutt nådde fram til fastlegen, blei han umiddelbart sendt vidare til sjukehus og etter kort tid flogen med helikopter til St. Olavs hospital.
I klagen skriv mannen at han i ettertid har hatt langvarige sjukehusopphald og at blodforgiftinga førte til at han måtte gjennom fleire operasjonar. Synet på venstreauget har han ikkje fått tilbake.
– Min livskvalitet er no sterkt forringa, då eg før dette skjedde var sjølvhjelpt i daglege gjeremål, og deltok på ei rekkje fritidsaktivitetar som eg no ikkje meistrar lengre, skriv han.