Hopp til innhold

Mann kom med truslar mot politiet under pågriping

Ein full og kranglete mann i Ålesund måtte overnatte i arresten etter å ha laga bråk i sentrum i natt.

Politibil, UP
Foto: Politiet

Mykje fyll og bråk er det som pregar politiloggen for Sunnmøre natt til laurdag.

I Ålesund blei ein full og kranglete mann sett i arrest for ordensforstyrring like før klokka halv fem.

– Mannen blir samtidig meldt for å ha oppbevart narkotika og for truslar mot polititenestemenn, opplyser politiet.

Følte seg trua

På Hareid blei politiet kontakta av ein mann som blei forfølgt og følte seg trua av ein annan mann i natt. Politiet fekk skilt partane og køyrd mannen heim.

I Volda måtte politiet ta seg av ordensforstyrring og krangling mellom fleire personar ved ein utestad, noko som resulterte i at fleire personar blei vist vekk frå staden av politiet.

Også i Ulsteinvik måtte politiet ta seg av ei ordensforstyrring ved ein uteplass. Der blei to personar vist vekk frå staden.

I halv sekstida blei ein full mann i Ålesund vekt og hjelpt heim etter at han blei funne sovande i ein lobby på eit hotell i byen.

Avslutta fest med mindreårige

Like før midnatt måtte politiet i Ålesund avslutte ein fest med 24 mindreårige.

– Nokre av foreldra er varsla, medan andre blir varsla seinare, opplyser politiet på Twitter.

Og i Ørsta måtte ein patrulje dempe festmusikk som var til sjenanse for andre som ønskja nattero.