Hopp til innhold

Mann tatt av skred i Sykkylven

Ein mann blei lettare skadd då han blei tatt av eit skred i Gimsdalen i Sykkylven søndag ettermiddag.

Ifølgje politiet har seks skiløparar på tur sjølve utløyst skredet i Gimsdalen i Sykkylven. Ein mann i 20-åra blei teken, men klarte å kome seg laus nedst i skredtunga. Dette skjer berre tre dagar etter at ein annan 20-åring blei tatt av snøskred i Sykkylven.

- Mørbanka etter å ha blitt tatt

Raset blei utløyst i 13-tida søndag ettermiddag, i eit populært turområde.

- Mannen var ikkje verre skadd enn at han sto på skiene sjølv ned til bilen. Han var sjølvsagt mørbanka etter å ha hatt kontakt med "Moder Jord", seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidisitrikt til NRK Møre og Romsdal.

Les også:

Meldte sjølve frå

Politiet er glade for at turdeltakarane sjølve varsla om at dei hadde utløyst eit skred.

- Vi set stor pris på at dei varslar oss, for det er spor både inn og ut av skredet. Då slepp vi å vere redde for at det skal vere fleire i skredet, og slepp å iverksetje ein unødvendig aksjon, seier Ødegård.

300-400 meter langt

Skredet blir skildra som eit "tørrsnøskred" med omlag 150 meters breidde og 3-400-meters lengde. Skredet gjekk mellom Hammarsettindane og Urdfjellet. Ifølgje politiet er skiløparane lukkelege over at det har gått som bra som det gjorde.

- Han som blei tatt av skredet har smerter, så han sa han ville oppsøkje lege i løpet av kvelden, opplyser Ødegård.