Mann slått i bakken i Ålesund

Politiet i Ålesund fekk i natt melding om ein slåstkamp mellom fleire personar nært St. Olavs plass i sentrum. Ein person skal ha blitt slått i bakken og fekk ein stor kul. Han var ifølgje politiet medvitslaus etter hendinga. Mannen blei frakta til sjukehus og var då medviten. Det er uklart kor alvorleg skadd han blei. Gjerningsmannen stakk frå staden før politiet kom.