Det var like etter klokka halv eitt natt til søndag at politiet melde om ei utforkøyring ved Måndalen i Rauma.
Alle naudetatane rykte ut til staden, der dei fann ein bil med store skader.
– Etter nokre minutt fann dei føraren av bilen, ein mann, eit lite stykke frå bilen. Han var ikkje bevisst og luftambulansen blei tilkalla, seier Leif E. Bergem-Ohr, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.
Alvorleg skadd
Mannen blei deretter floge til Molde sjukehus for vidare behandling.
– Han skal vere alvorleg skadd, seier operasjonsleiaren.
Ifølgje Helse Møre og Romsdal ligg mannen no på intensiv avdeling. Han skal vere alvorleg skadd, men er stabil.
Var aleine i bilen
Ifølgje operasjonsleiaren var det ingen andre bilar involvert i ulukka.
– Det er heller ingenting som tyder på at det var fleire personar i bilen som køyrde utfor vegen, seier Bergem-Ohr,
Det er så langt ukjent kva som er årsaka til utforkøyringa.
Saka blir no etterforska av politiet.