Politiet i Nordmøre og Romsdal fekk melding om ulukka, som skjedde aust for Rindal sentrum, klokka 14.04.
– Det er ein traktor som har velta og førar sat fast. Korleis det har skjedd veit vi ikkje enno, sa operasjonsleiar Styrkar Gagnat til NRK klokka 14.43.
Frigjort av naudetatane
Det blei først opplyst at mannen fekk traktoren over seg i velten, men klokka 16.00 seier politiet at mannen sat i førarhuset.
– Han låg ikkje under traktoren, men i førarhuset på traktoren som då hadde velta. Han blei henta fort ut, seier operasjonsleiar Leif Olav Brevik til NRK.
– Han sat fast ei tid, før han blei frigjort av ambulansepersonell og brannmannskap på staden, opplyste Gagnat klokka 15.20.
Mannen, som er i 80-åra, fekk deretter behandling på staden, før han like etter klokka 15.00 blei frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim i ei ventande luftambulanse.
Klokka 16.15 kunne AMK ved St. Olavs Hospital stadfeste at mannen hadde kome til sjukehuset. Skadeomfanget er ukjent.
NRK følgjer saka.