SISTE KL 20: Advokat Torgeir Langva seier til NRK Møre og Romsdal søndag kveld at mannen ikkje vedgår straffskuld, etter at han blei sikta for brot på vegtrafikklova.
Langva vil ikkje seie noko meir om kva dette inneber. Han seier han søndag ettermiddag har snakka med mannen, og at det ikkje blir fleire avhøyr før måndag.
– Politet må no vurdere om han skal framstillast for varetekt, seier Langva. Han vil ikkje seie kvar mannen kjem frå.
Trur dei har funne lastebilen
Den sikta mannen blei søndag avhøyrt på politistasjonen i Ålesund.
Foto: Ivar Lid Riise / NRKEin mann er sikta etter trafikkulykka i Herøy laurdag morgon. Politiet meiner dei har funne den etterlyste lastebilen som kan ha køyrt på ein hardt skadd 26-åring.
Søndag ettermiddag skriv politiet i ei pressemelding at pågripinga skjedde på bakgrunn av vitneobservasjonar og teknisk og taktisk etterforsking.
– Mannen er sikta for brot på vegtrafikklova paragraf 3, seier politiinspektør Elin Drønnen. Det inneber at han ikkje har vore tilstrekkeleg påpasseleg og forårsaka skade på ein annan person.
«Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom sa det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.» (Vegtrafikklova §3)
Politiet brukte heile laurdagen på å leite etter den som truleg har køyrt på og forlete 26-åringen i Herøy laurdag morgon.
Førebels ikkje snakka med dei pårørande
Mette Ekroll Nyland er oppnemnd som bistandsadvokat for familien til den skadde 26-åringen.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKMette Ekroll Nyland er oppnemnd som bistandsadvokat for familien til den skadde, men seier ho førebels ikkje har snakka med dei.
– Dei har ein hardt skadd son å ta hand om no, og eg oppfattar det slik at dette med straffesaka ikkje er det viktigaste for dei på dette tidspunktet, seier ho.
Pågripen og sikta laurdag kveld
Politiinspektør Elin Drønnen ved Sunnmøre politidistrikt.
Foto: Frode Berg / NRKSeint laurdag kveld kom det melding om at ein person var pågripen og sikta etter at politiet tidlegare på dagen gjekk ut og etterlyste ein spesiell type Volvo lastebil. Etter det NRK kjenner til disponerer den sikta mannen ein slik bil.
Etterforskingleiar Grete Hjelle sa tidleg laurdag ettermiddag til NRK at dei hadde funne knust lykteglas og eit deksel, tilhøyrande ein Volvo lastebil, på ulykkesstaden. Dette gjorde at dei etterlyste nettopp ein slik bil, men skade i fronten.
– Denne mener vi nå at vi har funnet, seier politiinspektør Elin Drønnen i ei pressemelding søndag ettermiddag.
Etterlysing gav resultat
Det var her 26-åringen blei funnen hardt skadd laurdag morgon.
Foto: Roar StrømPolitiet gjekk laurdag ettermiddag ut og etterlyste ein spesiell type Volvo lastebil. Han som no er sikta i saka eig nettopp ein slik bil.
26-åringen er frå Herøy, og ordførar Arnulf Goksøyr sa søndag ettermiddag at kommunen står klare til å setje i verk kommunale tilbod dersom det er nødvendig.
Politiinspektør Elin Drønnen seier dei held fram vitneavhøyr, gjennomgang av tips og anna etterforsking måndag.