Hopp til innhold

Mann omkomen i Gjemnes

Ein mann er funnen omkomen i Gjemnes på Nordmøre. Politiet antek at det er den sakna mannen i 40-åra.

Leiteaksjon Gjemnes

Mannskap frå Norsk Folkehjelp var med i leitinga etter den sakna mannen i Gjemnes.

Foto: Norsk folkehjelp

Det var i 15.00-tida fredag at politiet sette i gang ein leiteaksjon etter ein sakna mann i 40-åra i Torvikbukt i Gjemnes. Mannen blei meldt sakna av familien då han ikkje kom heim etter å ha lufta hunden.

– Han skulle berre ut og lufte hunden og så kom han ikkje tilbake som planlagt, seier Kjell Biesmans, operasjonsleiar i politiet.

Trur ikkje det har skjedd noko kriminelt

Like før klokka 19.00 melder politiet at ein mann er funnen omkomen og at det blir jobba med å få han ut frå funnstaden.

– Vi antek at det er den sakna mannen, opplyser Biesmans til NRK.

Mannen vart funnen i vatnet ved eit lite kraftverk ved Sæterlia i Torvikbukt. Etter ein nær fire timar lang leiteaksjon vart han funnen av leitemannskapet.

– Det er usikkert for oss kva som har skjedd. No må vi undersøkje omstendene rundt dødsfallet, men vi har ingen opplysningar som tilseier at det skal ha skjedd noko kriminelt.

Leiteaksjon Gjemnes

Tingvoll Røde Kors var også sett inn i søket etter mannen.

Foto: Tingvoll Røde Kors

Leiteaksjon

Den sakna mannen skal ha vore på tur i terrenget i området ved Reinsfjellet i Torvikbukt, og politiet har hovudsakeleg leita i dette området. Han hadde med seg ein kvit/brun Voersterhund og ein sparkesykkel.

Politihundar, hundar frå norske redningshundar, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og eit Sea King-helikopter har delteke i leitearbeidet.

– Då vi byrja å leite var det ikkje noko godt ver der, men etter kvart skein det opp og regnet stoppa. Vi kunne bruke Sea King-helikopteret utan problem, seier operasjonsleiar Biesmans.

No blir mannen sendt til obduksjon og politiet vil etterforske saka.

Leiteaksjon

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL