Mann omkom i drukningsulykke i Halsa

Ein mann er bekrefta omkomen etter at han seint fredag kveld blei berga opp av ein innsjø i Halsa i Møre og Romsdal.

Laster kart, vennligst vent...

Ein mann omkom etter at han truleg fall over bord i innsjøen Botnavatnet i Halsa seint fredag kveld.

Det bekreftar politiet i Møre og Romsdal.

Det var seint fredag kveld at politiet fekk melding om at ein person var funnen i innsjøen Botnavatnet i Halsa på Nordmøre. Det var bebuarar i nærområdet som først varsla politiet om ein tom båt, og tok seg ut for å undersøke saka nærare.

– Dei mistenkte at nokon kunne ha falle over bord og gjorde då raskt eit funn av ein mann som hadde vore i båten, fortel Sindre Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Alle naudetatane rykte ut og eit Sea King-helikopter frå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg blei også sendt til staden.

– Det blei utført livreddande førstehjelp på staden. Mannen blei frakta vekk med ambulanse, men blei bekrefta omkomen på veg til sjukehuset, seier Molnes.

Ikkje mistanke om noko straffbart

Sindre Molnes

Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Dei pårørande er varsla. Politiet ønskjer ikkje på dette tidspunktet å gå ut med alderen på mannen.

Operasjonsleiaren fortel at det ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Politiet vil likevel be om ein rutinemessig obduksjon av mannen.

– Alt tydar på at han har vore aleine i båten. Vi kjem til å opprette ei sak der vi vil snakke med vitne i saka og familien til mannen. Dette for å klargjere kvifor han har vore der, og kva som har skjedd, seier han.

Rosar bergingsmenn

Molnes rosar innsatsen til personane som tok seg ut i båt for å undersøke saka.

– Det var kjempebra at dei handla resolutt. Slike ting kan vere livreddande, så full honnør til at dei var så raskt ute, seier han.