NRK Meny
Normal

Mann omkom då traktordekk eksploderte

Ein mann i 30-åra omkom i ei arbeidsulukke i Vestnes kommune i Romsdal søndag.

Laster kart, vennligst vent...

Ein mann i 30-åra omkom i ei arbeidsulukke i Tresfjorden i Vestnes kommune søndag.

Det var like før klokka 12.00 søndag at politiet fekk melding om ei arbeidsulukke ved ein verkstad i Tresfjorden i Vestnes kommune.

– Ambulansen var den første som blei varsla, men livet stod ikkje til å redde, seier operasjonsleiar John Bratland til NRK.

Traktordekk eksploderte

Politiet har sjølv hatt kriminalteknikarar på ulukkesstaden i dag for å gjere undersøkingar, men hadde i 17.00-tida søndag avslutta arbeidet.

– Vi har vore på staden for å sikre oss spor og for å undersøke kva som har skjedd, seier operasjonsleiaren.

Ifølgje Bratland skal ulukka ha skjedd då eit traktordekk eksploderte.

– Etter det vi veit så langt heldt dei på å pumpe luft inn i eit traktordekk då det eksploderte og trefte mannen med stor kraft, seier han.

Arbeidstilsynet er varsla om saka, men så langt ser politiet på ulukka som eit uhell. Mannen har blitt frakta til sjukehus.

– Om mannen skal obduserast vil bli vurdert i morgon, seier Bratland.

Det var fleire personar på staden då ulukka skjedde. Desse blir no tatt vare på av eit kriseteam. Alle pårørande er varsla, fortel operasjonsleiaren til NRK.