Hopp til innhold

Mann omkom i kajakkulykke i Sandøy

Ein mann i 50-åra omkom måndag i Sandøy.

Håværet

Det var då mannen ikkje dukka opp på jobb på Harøya måndag formiddag at politiet vart varsla. Då kollegaer såg at bilen hans stod parkert utan kajakk på taket, vart Hovedredningssentralen varsla.

Det vart sett i gang ein redningsaksjon med helikoper og redningsskøyte, men etter kort tid vart mannen funnen i fjøresteinane i nærleiken av Håværet, vest for Sandøy.

Politiet fekk beskjed om at mannen var død i 13-tida.

– Opplysningar vi har fått kan tyde på at mannen drog på kajakktur søndag formiddag, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.