Hopp til innhold

Mann omkom i fallulukke

Ein mann i 50-åra omkom i ei fallulukke i Norddal onsdag ettermiddag. Mannen var på tur med to barn. Politiet oppfattar det heile som ei ulukke, og melder at barna er tekne hand om. Det er etablert kriseteam for dei pårørande, opplyser politiet. Det var Sunnmørsposten som omtalte saka først.