Hopp til innhold

Mann omkom i arbeidsulukke i Sunndal

Politiet har offentliggjort navnet på personen som omkom i en arbeidsulykke i Sunndal tirsdag.

Arbeidsulukke i Sunndal

Det var like før klokka 14.30 at politiet fekk melding om ei arbeidsulukke ved ei bedrift i Sunndal.

Mannen i 50-åra omkom då gravmaskina han opererte hamna utanfor ei skrent og falt mellom femten og tretti meter.

– Alle naudetatar rykka raskt ut til staden, men livet stod dessverre ikkje til å redde, seier operasjonsleiar Øyvind Sund til NRK.

Det er så langt uklart korleis gravemaskina hamna utanfor skrenten.

Arbeidstilsynet er varsla

Saka blir etterforska av politiet.

– Kriminaletterforskarar er på veg til ulukkesstaden for å gjere nærare undersøkingar, seier Sund.

Arbeidstilsynet er varsla og vil gjere sine undersøkingar.

Offentliggjorde navnet

Politiet melder onsdag formiddag at det var 55 år gamle Arild Wilnes fra Sunndalsøra som omkom i arbeidsulykken.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt offentliggjorde navnet gjennom deres Twitter-bruker:

Laster Twitter-innhold