Hopp til innhold

Mann omkom etter snøskred i Rauma

Ein person er funnen omkomen etter eit snøskred ved Isfjorden i Rauma. Det melder politiet laurdag kveld.

Skredulykke Rauma

Politiet rykte raskt ut etter at ein person blei tatt av skred i Rauma laurdag. Her er innsatsleiar Øyvind Kvalvåg og politibetjent Arnt Ove Røed.

Foto: Ottar Rydjord

Den omkomne er ein svensk statsborgar i femtiåra. Han var i følgje politiet på tur saman med ein svensk kollega då han blei tatt av skredet

Laster Twitter-innhold

Skredet gjekk laurdag ettermiddag og mannen blei meldt sakna. Like etter klokka 18 blei han funnen av turfølget. Ifølgje politiet fekk mannen førstehjelp av helikoptermannskapet på staden.

Like før klokka 19 melde politiet at mannen blei henta ned med helikopter. Dei andre skiløparanevar då på veg ned for eigen maskin.

To grupper på tur ved skredet

Helikopter i Rauma

Helikopter deltok under aksjonen i Rauma laurdag ettermiddag.

Foto: Ottar Rydjord

Skredet gjekk mellom Kavlisetra og Kyrkjetaket i Isfjorden. Ifølgje Ohr var det to grupper på ski i området då skredet gjekk. I det eine følgjet var det to utanlandske, i den andre gruppa var det tre norske.

Operasjonleiar Leif Einar Bergem-Ohr

Operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr seier det ikkje er mistanke om at fleire er tekne av skred i Rauma.

Foto: Eirik Haukenes

– Det har vore fleire i følget, men det var ikkje mistanke om at fleire vart tekne av skredet, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Veit ikkje kva som har utløyst skredet

Politiet veit førebels ikkje kva som har utløyst skredet. Ifølgje Bergem-Ohr gjekk det like før eit anna skred i det same området.

– Vi er ikkje kjende med årsaka. Vi veit ikkje om det er skiløparane sjølve, seier han.

– Kor stor er snøskredfaren i området?

– Eg er ikkje kjend konkret med det, men det har vore ein god del snøfall i det siste, og det er mildvêr, så det er vel noko av det som bidrar til at det blir løyst om skred, seier han.

Også i Sogn og Fjordane har det gått fleire snøskred laurdag.